”Er dette her hjå oss”?

Raud løpar vert rulla ut for Kunstmuséet                                       Foto Alf Vidar Snæland

”Er dette her hjå oss”? Ein lattermild replikk i kaféen etter køståing for å kome inn i praktbygget ”Kunstmuséet” i Lyskrysset Førde på laurdag. Ein må klype seg i armen for å tru at det er sant. Det gledelege er at dette ikkje er eineståande i Sogn og Fjordane. Eg er ikkje meir blenda av skinet frå den lysande ”isblokka” på breidda av Jølstra, enn at eg kan lyfte blikket:

Sunniva på Selja sankar pilegrimar. Operahuset på Nordfjordeid var ein umogeleg tanke. Firda Vidaregåande i Gloppen dreg til seg den mest kreative ungdomen vår. Florø pustar Eid hardast i nakken i kampen om å vere kulturkommune nummer ein i fylket. Førde ligg og badar seg i det kulturelle smørauget med mange store institusjonar. Fjaler sameinar kunst, kultur og næring i bygda på ein framifrå måte. Lærdal hyser laks og kunst under same tak, medan Sogndal har meir enn Studentmiljøet på Meieriet. For Sogndal Fotball er eitt av dei største kulturelle ”under” her i fylket. Dei bit seg fast i eliteserien! Bit seg fast mot alle odds.

Dette er ei tilfeldig og ufullstendig liste. Mange i fylket vil rope opp: Kvifor nemner du ikkje oss? Ser du oss ikkje? Jau, eg gjer det. Eg ser den kulturelle innsatsen og stoltheita som ligg lokalt for ”vår festival” og ”vårt praktbygg”. Kulturlivet får ikkje folk til å kome flyttande til oss i hopetal, men kulturen får oss som bur her til å trivast.

Vi skriv 2012 og det er berre framtida som tel. Eg ser to hovudutfordringar: Greier vi å dyrke naboskapet? Greier vi å lage stadig betre arrangement? Vi er 108 000 menneske i fylket, og det er viktig at vi ikkje et kvarandre til frukost eller misunner kvarandre kveldsmaten. Å mane til rausheit i dette fylket kan synast krevjande, men det er likevel heilt avgjerande. Vi treng eldsjeler som framleis jobbar dag og natt for sin eigen navle, men vi treng ikkje misunnelege og snevre bandeleiarar som rakkar ned på naboane.

Reis på besøk! Talet på ”spesialhus” og store festivalar held på å nå si metning. Alt skal drivast og driftast. Vi har mykje å tene på å vitje ”festen i nabogarden”. Det er kjekt å gi livskraft til grannen. Og nyttig både for oss sjølve og grannane. Eg har eit inntrykk av at folket i bygdebyane våre er litt tregare i baken enn ”bygdisane” når det gjeld å vitje naboen. Bygdefolket er opnare og vel vande med å oppsøkje andre. Sentrumsfolk er meir snevre og sidrumpa.

Vi må verte meir proffe. Arrangement og kulturopplevingar krev stadig meir proffe arrangørar. Ikkje berre på innhald. Proffe på alt frå teknikk, logistikk og til marknadsføring. Og ikkje minst viktig – proffe på vertskapsrolla. Folk må verte ønskte velkomne inn. Publikum må kjenne seg velkomne. Vi vert stadig meir kresne som publikum, og den arrangøren som ikkje grip dette har tapt.

Rom for nyskaping? Eg trur at talet på store kulturhus og store arrangement held på å nå si metning og eg etterspør stadig meir proffe arrangørar. I eit slikt bilete kan det verte trongt for nyskaping. Nye sjangrar må få sin sjanse. Eg trur dette vil krevje ekstremt proffe arrangørar som treff ein kjøpevillig marknad. Eg undrast på kven som vert den neste som får dette til? Vi veit at Malakoff nærmar seg konfirmasjonsalderen. Kven vert neste suksess? Kven vert dei neste som treff planken og får oss til å gispe etter luft: ”Er dette her hjå oss?”

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *