Årets fest i Årdal

Publikum storkosa seg under Målrock «Under Skåri» på laurdag. Foto: Steinar Drægni

Høyr radioklippet  Sjå bilete frå fredag og laurdag

Målrocken feira 10 år i helga med publikumsrekord, toppa artistlag og godver. Eg var på sentrumsscenen fredagskvelden og ”Under Skåri” nær verna villmark på laurdag. Kva er suksessfaktorane på Målrocken i år?

Torer bandmix! Målrocken er allsidige i repertoaret, og alle får sitt. Dei står på to føter. Den første: ”Topp norsk” i allsidig blanding. Her står visesongar Jan Eggum, rockeprest Bjørn Eidsvåg og den evigunge Jahn Teigen side om side med Kaizers, Madcon og Susanne Sundfør. Den andre foten i repertoaret er: Lokale Årdalsheltar. Denne kombinasjonen slår i Årdal. Målrocken er inngrodd i det lokale musikkmiljøet, og lokale heltar på same scene som ”Store Norske” lokkar publikum i patriotismens høgborg. Det er vel berre Florø som kan måle seg med lokalpatriotismen i Årdal her i fylket.

Publikum kjem tidleg. På fredag startar rockefestivalen med visesongar Jan Eggum åleine på røyst og gitar. Folket pøsar på frå start. Eg undrast over formelen, og spekulerer på kvifor dette skil seg så inderleg frå ”Sommarfest i Førde” der gruppene spelar for tome gater til langt på kveld. Eitt av svara ligg i at Målrocken er ”Årets fest i Årdal”. 

Gjensynsglede er eit stikkord. Dette er festivalen der Årdølene snakkar kjenning. Naturlegvis kjem det publikum frå andre stader, men årdøler i alle aldrar – innfødde, innflytte og utflytte – ser ut til å dominere. Breidde i repertoaret gjer at alle får sitt. Det var fornøyeleg å sjå på fredag korleis publikum delte seg mellom dei to sentrumsscenene. Medan Jahn Teigen hadde sitt medsyngande publikum i si hole hand, så stod eit meir ungdommeleg publikum og gnura seg oppetter scenekanten på den tome naboscena 20 meter lenger borte. Dei dreit i Teigen og ”gamlisane”. Dei venta på Kaizers!

Gode arrangørar får festivalen til å gli både på det kompakte festivalområdet i sentrum og på naturscena ved inngangen til ”Avdalen”. Denne varianten med to totalt ulike arenaer gir ein variasjon som publikum ser ut til å setje pris på. Arrangøren prioriterer ned målprofilen. Målungdomen har stand på stemneområdet, og ”dett er dett”. Elles er det mangfaldet og folkefesten som står i fokus. Lurt!

Men Målrocken kan aldri bli Malakoff. På Eid er Malakoff vorte den store ungdomsrockefestivalen. Med god grunn. I Årdal ynskjer dei å halde fram ein lokal profil i tillegg til ”det beste norske”. Derfor er Målrocken ein lokal suksess som truleg har nådd si høgd i publikumstal. Det er eit slags ”utvida slektsstemne for Årdal”, og det avgrensar seg sjølv kor mange som kjem på slektsstemne. At det vert publikumsrekord på eit litt påkosta 10-årsjubileum må også tilskrivast vermeldingane. Oppsummert: Målrock er ein god festival der arrangør og publikum klappar same takta.

PS: Målrock utan Hydro. Førre veke svinga disusjonen seg om Hydro si rolle i Årdal. Eg skal ikkje rippe opp i den, men berre tørt slå fast at Hydro ikkje sponsar Målrock i Årdal.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *