Sommarrevy i to divisjonar

 
 

Ina Breivik laga feststemning på Sommarrevyen i Florø

Høyr radiosamtalen om revyen og sjå bileta frå premièren  

Torsdagskvelden var eg på première på sommarrevyen i Florø. Nesten fullt telt. Sjangeren er prega av lettfattelege poeng med humør. Revyteltet har trebenkar og skjenkerett. Midt i revyen spelar bandet eit ”ekstranummer” som også funkar som pissepause. Florøsommarrevyen ber preg av ei skarp todeling. Tre firedelar var på det jamne med lokale krefter. Medan den siste fjerdeparten var glitrande revykunst sikkert og elegant levert av showets Ålesundsimport: Ina Breivik – ei av landets beste i sjangeren – mellom anna kjend frå trioen ”Small – Medium – X-Large”. 

La meg kommentere ”lokalrevyen” først. Tema spenner frå storstormen til slankehysteriet. Frå Stig Eikaas sine skulpturar til sex og sprit. Denne delen av revyen osa av godt typespel, speleglede og sprut. Den sterke songen til Ann Kristin Takle Winterthun dreg opp. Eg vil også framheve Roy Austbø i eit fornøyeleg nummer om einebuaren frå utbygda som fungerte både som lensmann og forbrytar, og som festarrangør og festbølle. Alt åleine. Dette var også ein særs god tekst. Revybandet er solid. På den negative sida må nemnast at enkelte nummer vert litt langdryge, og at det i enkelte sekvensar er billegsal på poeng omkring sex og sprit. Men la det vere sagt: Publikum storkosa seg heile kvelden.

Ina Breivik sine monologar i revyen var for min del verdt heile kvelden åleine. Om ho spelar den rusa nytilsette ungdomsarbeidaren på NAV eller den geskjeftige dama ”på gravens rand” – så er ho like sikker i kroppsleg typespel og ho er meister til å levere replikkar. Parodien hennar på 17. maitalen er utan sidestykke. Monologane til Ina Breivik har dei klart beste tekstane i revyen. Sjeldan har slik revykunst vore framført på ei scene her i fylket.    

At revyen miksar lokalrevy og ei importert stjerne er i hovudsak ein fordel. Vi fekk den tradisjonelle sommarrevysjangeren i Florø, og vi fekk oppleve topp revy – revy i landstoppen – frå Ina Breivik på same framsyninga. Faren ved slik mix er at avstanden vert for stor. Men eg synest det funka bra – først og fremst fordi at dei lokale kreftene i Flora held det nivået som dei gjer. All ære til arrangørane som er tøffe nok i trynet til å stille på scenen side om side med Ina Breivik. Slik sjølvtillit har Florøfolket, og det er befriande å vere tilstades på ei slik satsing. Eg har smakt på dei fleste sommarrevyane i Florø, og eg nøler ikkje med å halde fram ”årets tapping” som den beste.

Revyen var godt samansett, og ein Florørevy skal som alltid hylle Florø i sluttnummeret. Etterpå var det allsong, og denne allsongen avslutta med ”Florø by – stolt og kry”. Patriotane må få sitt om teltet skal fyllast tre kveldar på rad.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *