«Struts og skarv» i Kalvåg

 
 

Karin Flatøy Svarstad tovar ull slik at det vert både struts og skarv. Sjå "Skarvane frå Kalvåg" nederst på bloggen.

Høyr radioklippet

Galleri Frøya – i Kalvåg ute på Bremangerlandet – opna sommarutstillinga i helga. Ein livskraftig ti-åring er på andre året inne i eit nettverk av små kunstgalleri på kysten av Nordfjord og Sunnmøre – kalla Kunstløypa. Når eg vitja kunstsatsinga i Kalvåg, så vart eg dregen inn i Bedehuskjellaren for å sjå på kunstkurset i Sommarakademiet. Altså; tel til tre: Galleri Frøya, Kunstløypa og Sommarakademiet. Og eg vart skyssa rundt av den driftige ”vevkjerringa i Kalvåg Kunst”: Karin Flatøy Svarstad. Lat oss ta dette Kinderegget punktvis: 

Galleri Frøya si sommarutstilling har utstillarar mellom anna frå Shetland/Hebridane og Oslo. Landskap og hav. Plantar og dyreliv. I tillegg stiller Karin Flatøy Svarstad ut sine handverksprodukt i tova ull. Ull av villsau vert omskapt til alt frå skarv til struts. Sommarutstillinga gir oss lettfatteleg kunst. Bileta og produkta talar sjølv. Du treng ikkje undre deg over ein djupare bodskap. Kort sagt: Sommarutstilling.

Kunstløypa 2012 er eit viktig nettverk. Åtte små Galleri i same stil reklamerer for kvarandre. Dei små galleria manglar marknadsbudsjett, men dei kompenserer med å sende turistane langs den oppgådde løypa. Dei stiller ut og sel turistvenleg kunst der pris og fysisk storleik gjer at kunsten kan verte reiseminne. Det er på ein måte ein eigen sjanger, der nettverkbygging er ein del av opplegget. Kunsten er neppe grensesprengande, men den innsatsen som skal til for å få slike nettverk til å fungere er imponerande. Dei er flinke å rose kvarande. Karin Flatøy Svarstad understrekar fleire gongar at det er Torkjell Djupedal på Doktorgarden i Selje som kar klappa fram samarbeidet. Galleria i Kunstløypa er verdt eit besøk som avbrekk i ein heseblesande turistkvardag. Stikkord for sjangeren: Du kjem gratis inn og kan kjøpe deg ut….. 

Sommarakademiet er eit anna nettverk der Vestlandskysten flettar seg saman med ”Øyane vest i havet”. I bedehuskjellaren i Kalvåg er Ruth Brownlee frå Shetland læremeister i akrylmaling og miksa teknikkar. Deltakarane denne gongen er damer frå Vestlandet. Sommarakademiet arrangerer sju kurs og fire turar i sommar. Karin administrerer på dugnad. For meg er dette nok eit døme på ei framtøken ”kulturkjerring”. Ho driv bedrift med handverk i ull, Galleri Frøya og med galleributikk i nabolokalet. Ho pushar kundane sine til andre små galleri langs Kunstløypa og ho organiserer nettverk med kulturbygder vest i havet på dugnad. Slike ”kulturkjerringar” – av alle kjønn – gjer det kjekkare å vere turist i grisgrende bygder.

….. og det vesle ekstra kan vere ei varm fiskekake eller tre. Om du skal inn om eitt av desse små kunstgalleria om det så berre er for å bisne litt eller for å finne eit skapeleg toalett, så får du garantert meir enn ei kunstoppleving. Denne gallerigjengen er spesialistar på å ha høvelege småting i galleributikken. Det luktar kultur, og svelefrekvensen er på topp. Kaffitraktaren er aldri kald. I Kalvåg er spesialiteten varme fiskekaker. Dei smakar guddommeleg som mamma sine heimelaga hysekaker frå barndomen. Nokre snakkar om turistfeller. Andre snakkar om høgverdig kunst som knapt trekker publikum. I turistkunstgalleria kan du gå inn for å få ei bittelita kunstoppleving medan reisefylgjet ditt går på do, men like fullt kan de alle ende opp med å kom ut med ei varm fiskekake i neven!   

To ullne skarvar og ei turistbrosjyre for Kunstløypa

 

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *