Admiral Nupen – «Den Siste Veiking»

Admiral Vidar Nupen - "Den Siste Veiking". Sjå utsikten frå "Kyrabåten" under segl nederst i bloggen

Høyr kåseriet 

I helga la den 16. Veikingkonvoien ut frå kai i Florø. Veikingkonvoien er sjøturen for båtar og mannskap som likar seg best innanskjers. Den vart i si tid skipa til i kvass kontrast til den høgt profilerte Vikingkonvoien. Medan Vikingkonvoien gjekk til Shetland med fullt sponsorat og kommunal skipsstøtte, så har Veikingane ei deltakaravgift på tilsvarande verdien av eit frimerke for A-post.

Hundre båtar i stim. Veikingkonvoien 2012. Eg står på flytebrygga i Florø og ser båtane samle seg. Her er mest store båtar. Plastbåtar. Den som trudde at Veikingkonvoien var tresnekkene sin siglas må tru om att. Ein veiking skal vere ”veik, varm og velfødd” etter eigenreklamen på dei skrikande rosa teskjortene. Eg tenkjer: Velfødde? … definitivt. Varme? …. Ja, her smiler båtfolket om kapp med kveldssola. Men veike? Det lurer eg no verkeleg på. Veikingane har bygd myter om seg sjølv som dei som ikkje kryssar kommunegrensa for Florø. Ja, for nokre år sidan gav dei fleire tiliterspann med kvitmåling til Florø Kyrkje, for å halde landemeket sitt skinande. Dei hadde ikkje utstyr til å sigle lengre enn at dei såg heimekyrkja!

Admiral Nupen i Kyrabåten. Han kjem i ein tjørebreidd trebåt frå sist på 1800-talet. Ein femkeiping – det vil seie ein robåt med fem årepar. Reveljen går. Startsignalet ljomar og Veikingkonvoien er i gang. Admiralen siglar med råsegl. Når vinden stilnar til kvelden, kjem ei av dei få tresnekkene i konvoien opp på sida, og byd oss slepar om bord. Admiralen avviser tilbodet – stolt og høfleg. For heldigvis har vi også ein 4 hestar Mercury påhengs om bord. Admiralen dreg i snora. Litt startvanskar på halvlunka motor. Men så fossar det kring firehestaren.

Røykjesild og kaffi på tofta. Mannskapet på kyrabåten serverer. Her er sjøsprøyt og godprat. Vi sit i angen av tjørebreidd trebåt og slevar i oss røykjesild så feittet renn nedover kjakane. Vi vert innhenta av dei store plastbaljane. Båtfolket smiler med beundrande blikk til admiralen. Dei vinkar venleg og syner oss kjølvatnet. Det er ikkje admiralen på kyrabåten som siglar fyrst inn på Svanøybukta, men veikingane veit å halde av den likaste båtplassen til mannen i den finaste uniforma – til Veikingadmiral Vidar Nupen.

Veikingkonvoien – den raraste siglasen? Eg trudde eg skulle få sjå eit fantefylgje av småbåtar i stim frå Florø til Svanøy. Ein konvoi som heldt ap med dei store plastskipperane. Men nei, Veikingkonvoien består stort sett av dei rike og velfødde som gjer middagen klar på øverste dekk når dei får fortøygd langs bryggene på Svanøy.

Men Vidar Nupen nyt respekt frå alle. Han er admiral og maskot. Han er humorist og åndeleg høvding. Kall han gjerne fundamentalist. Han sigler og ror, og dreg i gang påhengsen i motvind. Sjølv dei som susar forbi i dei største og raskaste yatchane i plast tilbed han. Dei køyrer fort, men drøymer likevel om den gamle tida i trebåten. Dei drøymer også om å vere som Admiral Nupen – han er ”Den Siste Veiking”!

Plastbaljane syner kjølvatnet til trebåten under segl

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *