Lakk og lær, lyd og lukt

Blank Cortina med frue, veslegut i vogn og svigermor i baksetet kapra tre premiar

 Sjå bileta frå Firdaløpet   Høyr kåseriet

Firdaløpet er eit kulturhistorisk billøp. Sunnfjordske veterandoningar sette kvarandre stemne på ein parkeringsplass i bilbyen Førde. Søndagsturen gjekk gjennom Naustedalen og gamlevegen over Ramsdalsheia. For dette er søndagstur. Søndagstur på ein laurdag. To timars kafépause i Eikefjord, før dei fyller den einaste skikkelege bygata i fylket – Strandgata i Florø.  

Timar og kroner. Det vert snakka lakk og det luktar lær. Folk nyt form og farge. Innsats vert sett pris på i kyndige ordelag. Dette er karane sin dag. Jau visst får damene sitje på – til pynt -, men eg får auge på berre tre damer bak rattet. Tre av hundre.

Minna sit i lyd og lukt. Veteranbilløpet er julaftan der lyden av motor er som ”Deilig er jorden” og der lukta av pinnekjøt vert erstatta av frisk og ureinsa eksos. Her er entusiastar som syg inn gamle minne med alle sansar. Nokre glir rundt med amerikanske flak. Andre nyt turen i den gamle Amasonen som er så slitesterk at han er vorten eit trufast medlem av familien. Nokre putrar av garde med ei rusta Boble, der breie smil fortel soga om gamal kjærleik og rust….

Cortina og 12M. Ein raud og blankpussa Ford Cortina frå tidleg 60-tal vinn tre prisar. Her er både vesleguten, barnevogna og svigermora i baksetet ”styla”, og ikkje minst ”fruen” med oppsett 60-tals hår. Fornøyeleg og gjennomført. Bak meg høyrer eg ein kjend lyd. Lyden av Taunus 12M. I bilen med rattgir og heilt framsete sit to unggutar. Eg ser stolte glis og treski på taket. Kompisen min hadde 12M, og eg vert rykka 40 år tilbake i tida. Til ei tid då draumane var store og baksetet tomt. På stereoanlegget ljoma det ”King of the road”.

Men dette var også rikfolket sin dag. Lakseoppdrettar og bilentusiast  Alex Vassbotten hadde vitjing av den internasjonale Alvis-klubben sin. Dette er folk med lommebøker til støtdemparar. Det ryktast at ein kar frå Australia hadde ein flyboren Alvis med seg til stemnet. Men i Eikefjorden vart han ståande side om side med den rusta Bobla.  

Sjarmen med gamle bilar ligg minst i bilane. Den ligg i menneska. I godpraten. I karane sine beundrande blikk. Entusiastar er entusiastar – enten dei syng i kor, spring motbakkeløp eller gnukkar på gamle bilar. Dei gamle doningane har også meir sjel enn moderne vidunder. Tenk deg noko så sjarmerande som startvanskar. ”Skuv han i gang”, ropar speaker……(putre – putre) ”der kom han ja”!

Ein god gamaldags biltur over Ramsdalsheia frå bilbyen Førde til sildebyen Florø på sjølvaste Laksens dag. Her kunne alle mimrarane kåre sin favoritt. Han med Mustangen? Eller rett og slett den gamle kombiruta for mjølk og menneske frå Firda billag. Juryen kåra ein motorsykkelen -ein Honda 750 -73-modell – til dagens doning, og slik vart Kåre Høgseth kåra til ”King of the road”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *