Songarstemne med nye tonar

 
 

Operafantomet

Høyr kåseriet med nokre korte klipp av korsong

Det er rart med songen. Den fyl oss frå det fyrste skrik til den siste song. Songen set stemning. Den får oss til å hugse det vi har gløymt. Den forsterkar gleda, og den lindrar sorga. I helga vitja eg songentusiastane. Det var songarstemne i Sogndal. Ti kor med 200 songarar hadde sett kvarandre stemne.

Songarstemna er oftast rituelle og stivbeinte. Eg reiste til Sogndal fordi det ryktast at dei skulle fornye stemneforma. Det vanlege er at kora syng av seg dei innøvde programma. Dei reiser på stemne for å vise kva dei kan. På dette stemnet var det motsett. Dei hadde fått notar som heimelekse og heile stemnet gjekk med til korseminar. Ja, rett og slett til terping og korøving. Reine arbeidsleiren. Dei hadde ikkje tid til å stå utanfor handelssentra og synge ”Fagert er landet”. Det ryktast at dei berre så vidt hadde tid til å frese seg gjennom Sogndalsgatene i eit kjapt songartog, før dei igjen drog på seg treningsdraktene og sveitta seg gjennom skaladrilling i gymnastikksalane. Dei øvde Vamp ”nå e det seint – nå e det tidlig”. Dei øvde både tidleg og seint. 

Søndag var det stemnekonsert, og eg lista meg inn på nokre av øvingane i innspurten. Øving for røyst og rørsle. For notildags skal det ikkje berre syngast. Det skal gåast med flyt i innmarsjar og utmarsjar. I tillegg skal dei lære seg å halde kjeft når dei får instruksjon. Det er ikkje enkelt for sosiale songarar der mange let kjeften  gå på tomgang mellom kvar songstrofe.  

Det er rart med tonane. Du skal høyre berre nokre få sekund ”pa – a – a – aa – o”, så kjem heile plata. «Honey – honey» med ABBA. Men det er ikkje berre Vamp og ABBA i operafylket. Seminarkoret fleska til med ”Operafantomet”, så det klong i veggane.

Den nye stemnestilen sette sitt preg på konserten. Etter eit knallhardt og travelt korseminar var ein del av framføringane litt lurvete, men det er ikkje så nøye, når det lyste glede og lærevilje av utøvarane. Viss ikkje kulturlivet vårt skal stivne, må ein tore å ta nye grep. Her var grepet hardt arbeid og utvida repertoar. Her satsa dei på korseminar på kostnad av repetisjonsøvingar av gamle svisker.

Inga songarhuve å sjå. Det som overraska meg mest på stemnet var at eg ikkje fekk auge på ei einaste kvit songarhuve. Hadde dei kasta all gammalmodig tradisjon ut med vaskevatnet? Nei, sluttnummeret for felleskoret på konserten berga tradisjonane. Då reiste publikum seg på førespelet. Det var ikkje Vamp og ikkje ABBA. Og ikkje Operafantomet. Publikum spratt opp og stemnet tona ut med …. ja, nettopp: «Fagert er landet»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *