Den 12. mann mot Molde

Pyro på Fosshaugane (Foto: Oddleif Løset/NRK)                                   «Saftkokaradn» har rykka opp! Dei song samanhengande ein halv fotballkamp medan Sogndal låg under 0-1 for Molde. Foto: Oddleif Løset/NRK

Høyr radiopraten om Sogndalspublikumet

Eg var på Moldekamp på Fosshaugadn laurdagskvelden. Sogndal er nær tabelltopp i eliteserien. Tabellar lyg aldri. Ein trenar på sidelina og 11 mann på det humpete graset. Eg var utpeika som ”frimerke på den 12. mann». Eg fotfølgde heimepublikumet. Den indre kjerne ”Saftkokaradn”, og så hovudheimepublikumet som kransa banen. ”Tornekrattet” i mørkeblått frå Rosenes by viste piggar bak eine målet med ein sving mellom seg og ”Saftkokaradn”. 

Supportarkultur i sentrum. Eg møtte i Sogndal sentrum for å vere med på marsjen mot Stadion. Det var hundre ruslande sjeler. Det store flagget til ”Saftkokaradn” vaia i baktroppen. Eg må vedgå at tanken slo meg. Sogndal ligg i toppen, men ”Saftkokaradn” har framleis ikkje rykka opp. Likevel lyspunkt. Taktfast tromming i front. Stortromme!

Dei syng når dommaren bles i gang. Skilnaden frå kampen mot Vålerenga og ”Klanen” i fjor slår meg frå avspark. Her er stortromme. Her er innøvde songar. Her er organisering og leiing. Her er freistnad på å dra med heile stadion.

Kraftprøva varte ein halv fotballkamp. For det er i motgang «den 12. mann» vert røyna. Frå midt i første omgang når Sogndal gleid under til dei peisa inn «dobbeltmålet» midt i andre er det ein halv fotballkamp. ”Saftkokaradn” ligg under null-ein. Dei svarar Moldensarane jamt opp heile denne halve kampen. Når enkelte supporterar – som har vore for djupt i ”saftdunken” – klagar på dommaren, så vert det døyvt med allsong. Skilnaden i høve Vålerengakampen i fjor – då også under 0-1 – er kort sagt: ”Saftkokaradn” har rykka opp. Mange divisjonar. Og til mine gode ”Saftkokarar”: Dette nivået må de halde! Minst! Det nyttar ikkje å kvile seg over tome ”saftglas”! Det kan kome ruskever på Fosshaugadn også i 2012. Det er pokker så langt fram til 18. november – og Brann!

Skjønnheitsfeila er likevel tilstades. Eg nemner dei fordi ”Saftkokaradn” – på same måten som trenaren og dei 11 på graset – alltid må jage forbetringar. Jage forbetringar om ein vil vere i eliten! Eg nemner tre skjønnheitsfeil hjå ”Saftkokaradn”:

*Molde har corner vel 10 minutt etter at dei har teke leiinga. Kampen kan punkterast. Det er ”tysssssnad” på Fosshaugadn! Hm!

*Oppstart etter pause. Det er stille når fløyta går. Det tek to minutt før songen startar. Etter fire minutt høyrer eg trommeslaga frå stortromma. Slikt kallar eg sommel!

*Mot slutten av kampen jagar Molde utlikning. Av og til fører den intense spenninga til stille ”Saftkokarar”. Det er forståeleg. Men det er ikkje proft! 

Men bevares: ”Saftkokaradn” har rykka opp. Dei er i eliten. Dei gjekk i spiss. Dei lukkast. Dei prøvde å dra med ”sirupsgjengen” – resten av publikum. Dei ropte kampropet ”Heile stadion!”, utan å få særleg hjelp av dei langt over 4 000 heimesupportarane. Men denne ”sirupsgjengen” sat stort sett i ro med nevane i lommene. Ikkje ein gong på 2-1 i sluttminutta – når Sogndal festa grepet på sølvplassen på elitetabellen – gadd det store heimepublikumet å opne kjeften eller bruke ”nevadn”. Stort sett. Viss ikkje dramaet der Sogndal snur kamp mot seriemeister Molde – samstundes som ”Saftkokaradn” gjer spissjobben på tribunen  – er nok for å begeistre, då finn ikkje denne (til vanleg) snakkesalige kulturmeldaren ord!

PS: Den 12. mann mot ”Klanen” og Vålerengen i fjor. Eg melde supportarkulturen på denne kampen i fjor. Det er sjeldan eg kjem på kulturarrangement året etter og vert tydeleg konfrontert med kva eg melde i fjor. Fleire ”saftkokarar” fortalde meg på laurdagskvelden med alvorleg mine at dei ”ikkje likte det eg sa i fjor”. Eg har sjekka ut bloggen frå i fjor. Eg står ved kvart ord og gled meg over at de – gode ”Saftkokarar” – endeleg har rykka opp! Det meste av sirupsgjengen utanfor Saftkokar-tribuna ser eg derimot lita von for!

Vil du sjå og høyre supportarmeldinga mi frå i fjor, så klikk: http://blogg.nrk.no/reite/2011/05/30/sogndal-fotball-fortener-eit-publikum/

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *