Krevjande einmannsrevy

Reiseleiaren kjem neppe fram til Berlin

Høyr radiomeldinga og sjå biletserien frå monologrevyen

Roy Aron Myklebust slår til med ny einmannsrevy om ”Gretne, galne gubbar”. Den proffe underhaldaren hadde première for 250 tilskodarar i Stryn kulturhus på laurdagskvelden. Roy Aron syner oss 12 typar i beste tradisjon av revymonologar. Nokre er på scenen i levande live og nokre vert synte på storskjerm. Han har hjelp frå to solide musikarar. 

Typespel på dialekt er varemerket til Roy Aron. Han held typane godt frå kvarandre med variert dialektbruk. Han brukar dialektar meisterleg frå heile landet og vel so det. Kostymering og framtoning er også nøye innstudert. Monologrevyen er gjennomarbeidd, men tekstane er varierande. For mykje vert lettvint oppkok av gamle vitsar. Når Roy Aron dyrkar ordspela er han derimot på sitt beste.  

Dei tre toppnummera har lokal vri. Eg vil dra fram eit kosteleg nummer der klassekompisen til Olav Stedje fortel om korleis han vart forbigått på barneskulen. Olaven briljerte på gitar, medan ”vår mann” framleis er ekspert på rytmepinnar. Elles likte eg Lotemannen – med eige svelekort – som er redd for å misse kafétilbodet på ferja når E39-brua kjem. Reiseleiaren til Pensjonistlaget er på veg til Berlin, men klassikaren om ”det store lysbildeføredraget” når ikkje lengre enn til Oppstryn.

Heimepublikumet kosa seg, men for meg tok ikkje denne einmannsrevyen heilt av. Eg lurte lenge på kvifor. Nummera står greitt kvar for seg, og flyten er fin. Solide musikarar støttar opp, men umotiverte musikkinnslag vert lett tilfeldige kvileskjer. Bruken av storskjerm skaper også ein viss avstand.

Kanskje er ein monologrevy rett og slett for krevjande? Eg sit att med den refleksjonen at halvannan time med monologar i serie er krevjande. Ja, altfor krevjande. Sjølv om Roy Aron leverer varene ”bit for bit”, så vert det rett og slett for mykje av ein god sort. Samla sett. Ein revy treng å variere mellom monologar, viser og sketsjar. Av desse sjangrane er monologen den mest krevjande, og seriemonologane gir ein revy utan den nødvendige variasjonen. Trass i Roy Aron si speleglede, så vert dette langdrygt for meg.

Friskt satsa! Roy Aron skal ha full honnør for at han torer å gå på eit slikt prosjekt igjen. Det krev innsikt, speleglede og hardt arbeid. Framsyninga lyste av speleglede og hardt arbeid, men eg meiner at Roy Aron undervurderer vanskegraden med einmannsrevy av monologar i serie. Til overmål tek han sikte på å dekke heile fylket. At han alt har avlyst showet i Måløy til helga  – på heimebane nummer to – kan tyde på at sjangeren er for krevjande. Sjølv om eg gir ei lunken kulturmelding til ”Gretne, galne gubbar”, så er eg imponert over ”gutsen” til Roy Aron!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *