Absolutt Per

Per Arild Skorgen (keyboard), Per Janke Jørgensen (saxofon), Aage Vaksdal (trekkspel), Oddmar Amundsen (gitar), Frank Jakobsen (slagverk) og Rolf Prestø (kontrabass). Foto: Olav Reiakvam.  Type: image/jpeg  Størrelse: 835,1 KB.  Dimensjoner: 2184 x 1456  Opplastet: 21.02.2012 15:48:02

Per Janke på sax i spissen på jubileumsframsyninga.   Foto: Olav Reiakvam

Høyr radiomeldinga med tre små musikkkutt

Urpremière på Sogn og Fjordane teater. Kabaret om 35 år teaterhistorie, og framfor alt: Kabaret om musikkaren Per Janke Jørgensen og hans 35 år lange arbeidsdag på teatret. Allsidig musikk og gode songarar. I spissen på songsida må eg trekke fram Katrine Lunde Mackenzie og Erik Wenberg Jakobsen, medan Jon Eikemo – folkekjær og rutinert – var avgjerande for å sy saman kabareten.

Er ”Absolutt Per” eitt godt repertoarval? Eg skjønar at teatret grip sjansen til å lage fest for seg sjølv og Per Janke. Musikken er allsidig og god, og med eit slikt ensemble vert det ei god framsyning. Men kor spennande er det med hemningslaus mimring. Som eitt unnatak kan det passere, men dette er ikkje det spenstigaste repertoarvalet. Traust ”feel good” naturleg nok av det tilbakeskodande slaget. Litt for føreseieleg.

Musikken ber – Absolutt Per. Komponisten Per syner det allsidige, og han leiar stødig sitt seksmannsorkester. Historia frå ”Dei siste Maksværingar” i 1977, suksessen med ”Splint” på tidleg 80-tal og eventyret med Teaterbåten Innvik og Kinnaspel er godt dokumentert. Songtekstar av Jakob Sande og Rolf Losnegård er også avgjerande for at kabareten vert så god. Mellomtekstane i kabareten er mest umerkande tilstades.

Scene og regi. Den enkle scena fungerer, men er ikkje særleg spennande. Den uttrykker busstasjonen i Bergen, og symboliserer at SoFt hadde si vogge i by’n. Kostyma er enkle og funksjonelle. Det litt minimale visuelle uttrykket vert utnytta av regissør Ola B. Johannessen. Kabareten har ein herleg flyt og nummera er meisterleg samansydde. Dette gir fart i ein variert kabaret, sjølv om enkelte av nummera vert litt stilleståande.

Toppar og botn. Sjølv om det er heilskapen som dreg i land ein kabaret, så er det grunn til å stoppe med nokre enkeltnummer. ”Predikanten” Erik Wenberg Jakobsen på rocka vekkingsmøte med salmesong og tungetale var ubetaleleg. Mot slutten kjeda eg meg igjennom ”Myggplaga”, men dette vart kjapt retta opp med Jakob Sande sin ”Då Gud heldt fest i Fjaler” med Katrine Lunde Mackenzie som berande songkraft.

Om «teaterrotter». Noko av forteljinga synte kiving og krig internt i teaterverda, men dette vart stort sett pakka bort. Denne ”feel good”-kabareten skal feire Per Janke – absolutt og velfortent. Eg må vedgå at eg har hatt meir spennande kveldar i teatret. Men når eg høyrer korleis Per Janke svingar instrumenta og ser korleis ringreven Jon Eikemo syr i hop, så må eg oppsummere mimrekvelden slik – Dei gamle er eldst!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *