Parti Party

 
 

SV røyste seg og song "Til ungdomen"

Her kan du høyre utdrag frå radiokutta om festmiddagane til V og SV

Det var laurdagskveld på Sogndal Hotell. Det var ”Parti Party”. ”Parti Party” litt utanom det vanlege. For to fylkesparti snakka og song seg gjennom årsmøta sine vegg i vegg i Sogndal denne helga. Venstre og SV. Det einaste eg fekk med av årsmøteforhandlingane, var at begge partia gira seg opp til laurdagsfesten med å vedta hårete mål om neste år sitt medlemstal. Eg gjekk rett på festmiddagen. Eg ville sjekke ut partikulturen på kveldstid når dei politiske dyra skiftar ham til festpels. SV kan du lese meir om lengre nede. Fyst skal det handle om Venstrefesten litt i bakevja etter hendingane i Rogaland sist helg. Dei starta traust med trekkspel.   

Trekkspel gav altså tonen til Venstrefesten, og det trauste skulle setje standard for kvelden. ”Kjømeister” Kåre Jarl Langeland sine soger lunka på stemninga, og han fekk hjelp av ein lødig ”Takk for maten tale” frå der måsen skrik halvt på engelsk – altså Gulen. Dei rituelle avtakkingane som høyrer ein slik middag til gjekk i traust sjargong, og songheftet lengta etter våren. Lengta etter ”under” og ”nytt liv” i ”No livnar det i lundar”.

La meg seie det i klartekst. Dette var labert. Utan ein byggjande festtale med snert i. Ein ”Parti Party”-tale til å skåle for. Heldigvis var Florømannen Halvor Halvorsen i festlyden. Han er ikkje berre Florøværing og Venstremann. Han er styreleiar i det vidgjetne Tippelaget i kystbyen. Han greip ordet og åtvara dei gode Venstrefolka mot dei frilynde SV-arane. ”Pass dokke på toalettet, og fyl dei aldri på romet”, åtvara han til stormande lått i forsamlinga. Han lærte forsamlinga Tippelaget sine skålereglar. Innhogga hans var det mest morosame for heile kvelden.

Å velje rett kultur i ein litt vanskeleg og uggen situasjon er viktig. Her burde Venstreårsmøtet sytt for å ha betre kulturkort ”i erme”. Når ”kjømeisteren” mot slutten av bordseta vel å bruke Åse-Marie Nesse sitt dikt ”Til ei ung jente”, då heldt eg pusten. La gå at slutten på diktet er oppbyggande og optimistisk: ”Det finst vegar så vide som verda – vesle søster, ikkje vent – gå i gang”. Men det vert absurd for meg å framføre diktet som startar slik: ”Det finst vonbrot så djupe som havet – vesle søster, ikkje gråt”. Eg er kanskje sær, men desse diktstrofene synest eg var upassande på eit Venstremøte ei veke etter overgrepsaka. Oppsummert om kulturen under Venstremiddagen: Dette kan de lyfte fem hakk neste år!     

SV hadde årsmøtefesten vegg i vegg med Venstre. Her skulle det talast mykje. Dei som ikkje hadde fått sagt nok under årsmøteforhandlingane fekk ny sjanse under middagen. Det var nesten kamp om taletida.

”Solskinn og brød og ånd eies av alle”. SV song ”Til Ungdomen” av Nordahl Grieg. Utan utdelt tekst. Det gjekk middels. Bra allsong tre fyrste versa, men så vart føresongaren meir og meir framtredande. Men om songen var middels, så var talane strålande. Her flaut det av partihistorier, og avtakkingane var så ekte og tåredryppande som sjangeren årsmøtemiddag innbyd til. ”Kjømeistrane” hadde spara eit par svisker til desserten. Fyrst var det Sigrid Sandal frå Sosialitisk Ungdom som tala til dei som var fire hakk eldre. Ho hausta velfortent og stor applaus.

Når klappsalvene stilna etter festtalen fekk kveldens slentrande kåsør låne mikrofonen. Det var Jan Olav Fretland som uventa vart kumulert inn i fylkestinget. Han fortalde levande om si fyrste tingsete. Meisterleg. Når ein godt leia og lødig årsmøtemiddag kan avsluttast med ein kåsør av Fretland sitt kaliber, då har kulturmeldaren berre eitt å gjere. Eg seier: Toppers Kulturmiddag, SV!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Parti Party

  1. Bjarte Undertun sier:

    Det er skilnad på song og song, Hr. Reite! Du kan ikkje ha fått med deg då vi song «Millom bakkar og berg». For full hals, utan tekst og til stor gaman for oss sjølve. Som eit kulturellt førespel til den politiske regionen vi vil gjere Vestlandet til, kanskje. Og trekkspel er jo på full fart inn att! Neste år blir det vonleg argeninsk tango og balkanjazz på same instrument.

    Bjarte Undertun,
    Gulen, no også S&Fj Venstre

  2. hans jakob reite sier:

    Takk for svar og nyttige innspel. Eg har fått ein del telefonar om denne kulturmeldinga, og eg tek alt med meg vidare. Kort sagt: Eg var innom møta dykkar (V og SV) ein times tid på slutten laurdag, og eg sprang mellom middagane. Eg formidla det eg opplevde. For meg er det viktig å formidle kulturytringar på «den breiaste breidda». Årsmøtemiddagar inkludert. Etter ei lita veke med ettertanke meiner eg sjølv at eg løyste dette «skapeleg bra» …… for å seie det på tilslepa Sunnfjordsk ….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *