Dei gamle er eldst

Høyr kåseriet      Sjå bileta

Eg elskar det usannsynlege. Det som ikkje går an å tenkje seg til. Viss nokon for fem år sidan hadde fortalt at eg skulle få oppleve Grand Prix Sirkus i Florø, så ville det vere så usannsynleg at eg ikkje ville ledd åt det ein gong. Og viss vedkomande til overmål hadde toska utor seg at køntrilegenda Bobby Bare skulle stå på scenen, så ville eg avslutta samtalen med ”I want to go home” ….

Men laurdagskvelden stod eg ringside i Florø. Det komplett usannsynleg skjedde. Legenda Bobby Bare mot røkla i Grand Prix. Ungdomen røykla scenen med rock og rapp. Dei hadde kosta på seg den lokale Florøhelten Håvard Lothe for å fylle hallen og bringa mynt i kassa. Ok då: Hadde han gått til finalen ville han fått statue i skire gull att med ”Sildeguten” på hamna!

Det er stinn brakke. Det luktar eld og svovel frå scenekanten og osen frå halvbrend kioskmat breier seg bak i lokalet. Alle har personlege heiagjengar. Nei – ikkje alle. Ikkje Bobby Bare. Berre to einslege Cowboyhattar er å sjå i salen. Ikkje ein gong Nils R Sandal frå Køntrifesten på Breim har møtt opp. Det er Bobby Bare åleine mot den ungdommelege overmakta i glitter og stas.

Bobby rir inn på scenen. Eg vert klam i nevane. Programleiaren spør om nokon vil sende Bobby til Europafinalen i Baku? Då vart det musestille hjå ungdommen i Florahallen, og eg anar at dette kjem til å gå ille. Ille for Bobby! Men Bobby lyftar gitaren og syng.… ”Things change” . Ja, han syng om at ”Cowboyhatt vil blåse av i vind” ….. Men han står likevel støtt i den kvite cowboyhatten sin og syng om forandring utan ironi – ”Things change”!  Applausen i salen er laber!

Men når Håvard Lothe syng så har sperrene nok med å halde taket nedpå. Hadde han sunge ”Florø by – stolt og kry”, så hadde det vorte Dagmar2! Så får vi oppleve eit ulideleg innslag bak scenen der nokre av karane i konkurransen dreg opp ”I want to go  home….” liksom for å hylle Bobby. Dei ville ha publikum med på allsong, men  publikum er ikkje kjend med dei eldgamle sviskene og held klokleg kjeft. Pinleg. Per Sundnes bryt av og får oss på sporet att!

Så kjem høgdepunktet. Dei tre vinnarane. Ungdomen har oppskriftsmessig knotta til seg to finaleplassar i rapp og rock. Dei står klar til også å håve inn vinnaren med det ungdommeleg oppbrukte ordet ”FANTASTISK”! Då skjer det usannsynlege. Det vidunderleg usannsynlege. ”Things change”. Og brått er Bobby sjefen!

Ein kan lure på korleis slikt kan skje i 2012. At Bobby Bare vinn Grand Prix. I Florø! Utan støtte i salen. Brått skjønar eg kvifor Nils R har halde seg heime. Han har teke grep om det viktigaste …. om avrøystinga … Han har styrt avrøystinga frå saloonen sin frå Breim. Når ungdomen gjekk tom for kontantkort synte det seg at køntriseniorane i sofakroken hadde mest ”å trykke på med” på mobilane. ”Things chagne”.

Eg køyrer Naustdalstunellen heim, og tenkjer at Grand Prix er rare greier, og på hjernen min har Bobby festa ein lite krok – såkalla ”hook line” – og eg nynnar nesten utan å vite det: ”Things change”. For sjølv om Bobby med den kvite hatten syng ”Things change”, så er det berre Grand Prix som er Grand Prix. Show er show. Eg er nok mest samd med ei verselinje Åse Klevelend song  på svart-kvitt-TV i Grand Prix på 60-talet: ”Intet er nytt under solen”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *