Kvardagskultur på ein søndag

Aziz Hammo gav oss kjærleiksong og ørkenstemning frå Syria

Høyr radiomeldinga og sjå bileta

Det er søndag ettermiddag. Eg er i den nybygde Borgja på Ålhus for å høyre ”Lyden av Jølster”. Paraplyen over Jølstramusikken – Jølster musikkråd – er arrangør. Programmet er allsidig frå dragspelarane i Jølstrabelgjen til vare tonar om kjærleik frå Syria. Jølstramusikken er allsidig, og det kan overraske einkvar at det berre let i ei einaste Jølstrafele under heile konserten, og denne fela var til og med pakka solid inn i Jølstrabelg. 

Ungdom på piano. Moderne og sjølvlaga tonar frå to unggutar i gruppa Invictus. Marit Hardtvedt og Dag Arne Veiteberg song svisker, og den improviserte gruppa ”Dei lystige strupane” treivst på scenen med leikande framføring. Jentejazzdans høyrer med i lyden av Jølst, og til slutt vagla Jølstrakoret seg opp i ståande stilling på korbenkane, og fylte den nye storstova på Jølst.  

Frå middels til å få gåsehud av. Kva var middels? Jau, innslaga var middels. Ingenting er dårleg, men heller ikkje eitt einaste blendande nummer. Men publikumet sette pris på det jamne og allsidige programmet. Men eg fekk gåsehud likevel. Eg fekk gåsehud for kvardagskulturen på Jølst. Gleda ved å spele. Gleda ved å opptre. Gleda for seg sjølv og gruppa. Gleda ved å gledje publikum.

Kvifor er denne kvardagskulturen så avgjerande for bygdene våre? For det første er dette underskogen i musikklivet som fostrar nokre som gjer det stort. La Synnøve Bjørseth stå som ein representant for dei som spelar seg fram utover Jølster og utover Sunnfjord. For det andre: Desse entusiastane i Jølster Musikkråd er dei berande kreftene når det gjeld å vere gode arrangørar av kulturarrangement i kommunen. Den nye Jazzfestivalen kan nemnast som eitt av fleire døme. Det tredje momentet mitt er det langt viktigaste i kvardagen: Det er desse utøvarane som står til dagleg disposisjon i lokalsamfunnet. Det er desse som er med å løfte ein feststund eit par hakk ekstra i lag og lyd. Slik kvardagskultur gir meg gåsehud. I kvardagen!

Storstova på Ålhus har fleire stolar. Vi var over hundre samla i Nye Borgja, men nesten halvparten var direkte arrangørar og utøvarar. Gode Jølstringar: De må stelle vel med kvardagskulturen. Dykkar frammøte og billettkjøp er avgjerande for at det kan spelast og syngjast fleirstemt når det røyner på. I år hadde vi god lyd i det nye lokalet i Borgja, for lydanlegg hadde dei spela og sunge inn på dugnad tidlegare. I år gjekk billettpengane til lyskastarar, slik at framtidige konsertar kan verte meir proffe. Stein på stein i kvardagskulturen.

Frå Stardalen til Syria. Konserten samla heile kommunen, og ein kar frå mottaket spelte fram ørkenstemning på sin ”Saz Tamor”, og han hausta solid applaus for kjærleikssongen sin. Slik verda har vorte så kling desse tonane med i den nyaste Lyden av Jølst. Kanskje vi ser publikum frå Mottaket i salen neste år?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *