Treng vi nynorske kløpinnar?

Truleg treng vi ikkje kløpinnar. Vi kan klø oss med kleshengarar og hakkegrev, ja til og med «Nynorsk ordbok» kan brukast til å klø seg med. I dag har sidemålsdebatten nådd nye høgder. La oss sende Kristin ved Kongens bord ein venleg tanke, og takke for att ho ristar i oss. Kristin skyt på sidemålet og rammar nynorsken. På ein slik dag finn dei fleste av oss skytargravene på ryggmargsrefleks.

Men eg kom brått i tvil. Treng vi nynorsken som kulturell reiskap? No når alt endrar seg. For hundre år sidan – og vel so det – hadde vi trong for Ivar Åsen og Per Sivle. Vi hadde trong for Vikingar og Målfolk, for Bunader og Norske Kongar. I nasjonsbygginga. Og vi skaffa oss det. Vi kunne også gjere oss nytte av vinglepeisane. Eg nemner Bjørnstjerne Bjørnson. Han skreiv «Ja vi elsker». Godt brukandes på «feil» mål.

Nynorsk er kjekt å ha. Tufta på dialektane. Dialektar har vi fordi folk ikkje hadde tid og råd til å reise. Tid og råd til å blande seg. Vi går inn i eit århundre med meir folkeblanding og fleire tekniske dippeduttar. Kva vert dei nye «normalane»? Teknisk? Språkleg?

Nynorsken hadde sin funksjon i hundre år. Det er ikkje dårleg. Det er ein prestasjon. Det er ein maktdemonstrasjon av motmakt. Motmakt mot sentralmakta. Men no er det kanskje over? Hugsar du silosvansen og telefaksen? Store vedunder når dei kom. Men fort avleggs. Kanskje er det best om nynorsken får sigle same vegen? Kanskje må vi samle oss om den samnorsken dei fleste av oss praktiserer? Eit felles hovudmål med sidemål på sidespor. Sidemål utgått på dato, seier Kristin. 

Eg spør meg om nynorsken har eit grasrotopprør i seg? Ein viktig politisk funksjon? Neppe. I vår tid der skrevne ord på papir må vike for flyktige skjermar. Telefon og nett har utvikla seg enormt dei siste 20 åra. Kva vil dette få å seie for språk generelt – og nynorsk spesielt – dei neste 20 åra? Eg trur vi går i ei retning med færre språk og normalar. Kanskje vi skal tilpasse oss før det er for seint. Eg sender ein tanke til Johan Gutenberg og bokhandlarane. Korleis går det med dei gamle strukturane i den nye tida? Ikkje så lett å sjå når stridane vert kjempa i samtida. Lettare å sjå i «historiens skrå lys».

Det ulogiske er ofte logisk. Nådestøyten kjem ofte frå uventa hald. Det er av «sine eigne» ein skal ha det. Så måtte det ein SV-statsråd til – gamle Ivar Åsen!

PS: Rart å tenkje på Bjørnson og «Ja vi elsker». Han skreiv ikkje nasjonalsongen vår til Norge – nei, ikkje til Noreg, heller. Han skreiv den i samband med at Svenskekongen vitja Oslo – eh … Kristiania. Men likevel har «Ja vi elsker» gitt oss «drømme på vaar jord»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Treng vi nynorske kløpinnar?

  1. Andreas Macsik sier:

    Det er modig av deg å skrive dette Reite! Men du har jo absolut rett! Eg trur at det er mange som er enige med deg, men ikkje tørr sei noko.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *