Brest i bringa

I "Ønskjeskåpet" kan du legge ønskjelappar i kulehola - merk skrivepatronen til venstre

Radiomeldinga om «Brest i Bringa»

Hans Sande syner oss kunstutstillinga ”Brest i bringa” på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Han stiller ut 11 ”bringer”. Nokre er skap som kan opnast. Andre er meir eit panser – med brest. I eit par av skapa vert du invitert til å stikke inn dine ynskjelappar og til å kjenne ”på løgne saker” med nevane – utan å kike. Det ligg mykje fantasi og leiken kreativitet i desse 11 skulpturane.

Hans Sande er ein mangfaldig herremann. Han er psykiater og veit truleg meir enn dei fleste om kva menneska kjenner på av bringeverk. Han har studert brestane våre. I tillegg uttrykker han seg som forfattar. I fjor gav han ut den omstridde barneboka ”Pappa er sjørøvar”. Vi hugsar han frå utstillinga og boka om ”Kjælne kjevler”. Sande er flink til å setje tittel på verka sine. Forfattaren syner seg her. 

Symbolikken i kunstverka på ”Brest i bringa” er underfundig men likevel tydeleg. Han syner oss det vi vil løyne. Han syner oss brestar. Han syner oss den kjønnslege dimensjonen med ”Han-bringe” og ”Ho-bringe” i bly, messing og plommetre. Han syner oss det trygge men samstundes forvirrande i skåpet ”Endeleg heime”.

Sande dreg sjåaren inn i utstillinga, og utfordrar fleire sansar. Han syner oss eit ”Ønskjeskåp” pepra sundt av kuler, men der det går an å stikke ønskjelappar inn i kulehola. Han syner oss von i det sundskotne. I ”Føleskåpet” utfordrar han oss til å stikke nevane opp i det ukjende. Det vi ikkje kan sjå.

Sande syner oss ulike sinnstemningar. Skapet ”Stilt etter stormen” i knust granpanel og skapet ”Villskap” i furu er gode døme på det. Materialvalet er allsidig i utstillinga, men det er kanskje i trearbeida han kjenner seg mest heime. I tillegg til tre brukar Sande fletta bly, knuste glasruter og polyester. Utstillinga er til å undrast over. Utstillinga er til å verte klokare av. Utstillinga krev noko av deg, men eg vil ikkje seie at denne kunsten er vanskeleg tilgjengeleg.

Leiken og logikken. Hans Sande er ein leiken kunstnar. Eg hugsar utstillinga hans ”Kjælne kjevler” som også kom i bokform. Der var leiken så sprudlande og elegant, at det mest kunne ta pusten frå ein. I ”Brest i bringa” er Hans Sande langt meir logisk. Det leikne i utstillinga er langt meir nedtona denne gongen. Tråden er strammare, og resonnementa er klårare. Utstillinga er langt meir føreseieleg. Når du har sett dei to-tre fyrste verka anar du kva veg det ber. I ”Kjælne kjevler” heldt den sprudlande spenninga seg heilt til endes.

Hans Sande er spennande kunstnar. Han vel sine ord. Han tek mangslungne materialval og han har mykje å fortelje oss, logisk og leikande. Han er konkret, men du vert samstundes sitjande å lure på om du har nådd den djupaste botnen i kunstverka hans. Kanskje finn du meir om du gjer deg ei runde til? Dette er ein kvalitet eg set ekstra pris på hjå den allsidige kunstnaren Hans Sande. Utstillinga ”Brest i bringa” heng ut januar.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Brest i bringa

  1. Roar Gulbrandsen sier:

    Flott beskrivelse av utstillinga til Sande. Trist at jeg ikke fikk tid til å se den, kommer den til Førde? Sande er en kunstner på tvers, en av våre fineste.

    • Aslaug Nesje Bjørlo sier:

      Utstillinga står på Nordfjord Folkemuseum også i februar. Ope kvardagar 11-15 og ved arrangement. Td søn 5. februar

  2. hans jakob reite sier:

    Takk for respons. Eg veit ikkje kva planar Sande har, men Sunnfjord Kunstlag kunne til dømes gripe sjansen….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *