Men englane song der ute ….

"Vi klapper i hendene"

Høyr radiomeldinga  Høyr samtale med festleiar Osvald

Eg reiste på julefest i Fresvik for å sjå om juletreet stod etter 13. dag. Det gjorde det. Helselaget smurde mat og kokte kaffi. Frelsesarmeen stod for tekstlesing, song, bøn, opplesing, juletregang, andakt …… og ikkje minst personleg vitnesbyrd!

Forkynning i jula? Religiøs forkynning er ein del av kulturen. Medan mange av oss er mest opptekne av maten og «midtvintersblotet», av julegåvene og kommersen, så er Frelsesarmeen klare med kjerna i bodskapen sin: Forkynninga om Jesus i ord og tonar!

Frammøtet er begrensa. Vi er knappe 40 frammøtte inkludert dei 14 som utgjer «Strengemusikken» i Frelsesarmeen. Dei få ungane som er her får klar melding om å «høyre ordet». Her er det ikkje snakk om å få springe på gangen. Men dei får lov å spele kort ved bordenden. Så skulle eg få sjå det også: Kortspel under andakt. På bedehuset! Barndomen min fyk forbi. Synda har så avgjort endra seg!

Det personlege vitnesbyrdet står framleis sterkt i denne rørsla. Vi fekk orda frå Jorlaug på 68 år. Tre veker gamal vart ho farlaus. Faren gjekk gjennom isen når han skulle handle til dåpen hennar! Mora dreiv småbruket med ein stor barneflokk. Dei overlevde på potet og dei selde geitost. Kva hadde dei å lite på: Sitt eige arbeid …… og Gudsordet! Julestemninga kom med ny halm i sengane, og lukta av ny voksduk! Sterkt vitnesbyrd tilpassa den aldrande forsamlinga.

Men kvar er ungdomen? Det var ei stor oppleving for meg å vere på julefest med Frelsesarmeen. Men oppsummeringa heim i måneskinet må likevel verte: Dette er ei kulturform som i løpet av få år går ut på dato.

PS: Kaffistunda med smørbrød, julebrødskiver, god prat og kaffi er viktig. Lotteriet var åresal med treårar. Eg vann ei skål med twist. Trekninga føregjekk digetalt på «storskjerm».

Strengemusikken held koken på bedehuset i Fresvik

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *