Blandakor mot storm

Video Mellom bakkar og berg (Foto: Nyhetsspiller) 

Blandakoret i Oldedalen leia allsongen «Mellom bakkar og berg» på rotvelta 

Kultur er så mangt. Songen frå Oldedalen viser oss det. Det er viktig å ha kultur på kva tid ein kan nytte kulturen – i medgang og motgang. Korsong og allsong kan gi oss ei samlande kraft. Etter 22. juli stod salmesongen og Nordahl Gried sine tekstar side om side. I Oldedalen tok dei i bruk «Mellom bakkar og berg» mellom rotveltene etter stormen Dagmar. Blandakoret leidde allsongen:

Høyr og sjå Oldedølene «Mellom Bakkar og Berg»

Tallause gongar har eg høyrt og sunge med på «Mellom bakkar og Berg». Ofte har eg vorte gripen, men like ofte har eg vore med på kjøt og flesk. Men når eg fekk høyre den støe og gyngande songen frå Oldedalen fekk eg ei stemning av gamle Ivar Åsen, som eg aldri trudde eg skulle få oppleve.

Korsong og allsong treng ikkje tekniske dippeduttar, men det er likevel viktig og flott at fotograf og internett kan spreie dette «Blandakoret mot stormen». Ikkje det vakraste eg har høyrt, men likevel det aller sterkaste. Det ekte. «Der han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus opp på deim». Og la oss sende ein tanke til Ivar Åsen. Viss han er i den himmelen eg ikkje trur på, så må dei vel – Gud hjelpe meg – ha Breiband der oppe, slik at han kan sjå og høyre Oldedølene synge: «Frampå vetteren stundom han tenkte, gi eg var i eit varmare land, men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand»!

Den ekte songen er eit kulturuttrykk vi må dyrke. Kulturmeldaren lovar å skjerpe seg. Eg vonar å kunne syne fram meir ekte folkeleg song i året som kjem. Oldedølene gir ansikt og lyd til den Vestlandske staheita. Dei minner meg på Berlevåg Mannskor i filmen «Heftig og Begeistret». Ein av korsongarane stod i sjøsprøyten over moloen i duren av koret. Han levere den filosofiske replikken eg aldri skal gløyme: «Kva skulle vi gjort her i Berlevåg utan moloen og mannskoret!»

Allsong og korsong kan vere ein usikker bygdeindikator. Men eg vågar påstanden om at songen i Oldedalen er uttrykk for ein viktig kulturell og sosial beredskap. Oldedalen må vere ein god plass å bu. Visst er det viktig å få att straumen og summetonen. Visst er det viktig å kome seg til doktor og sjukehus. Ja, kanskje det til og med er viktig at Jensemann kjem for å sjå, snakke og skryte! Men la oss tenkje over kor viktig det er å ha eit nabolag som ser inn om dørene i stormen, og som stiller eit halvstemt blandakor på ei rotvelt! For «når netter er er ljose som dagar, ……»

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *