Kjippen på lågmål

Vindmølledoningen imponerte           Foto: Truls Kleiven

Sjå bileta   Høyr radiomelding og publikumsreaksjonar

Kva sjanger skal eg kulturmelde Kjippen i? Litt Karneval, litt revy, litt fyllefest, litt halvorganisert anarki, mykje julebukk og enno meir Florø-patriotisme! Kjippen ved inngangen av 2012 vart ein gedigen nedtur. Det var eitt – kanskje to – toppinnslag, og to-tre innslag meir på det jamne …. for å vere snill. Oppsummert: Fem innslag og bråstopp! 

All kraft gjekk med mot vindmøllene. Kjippen var krystallklar i utakt med Flora bystyre. Kjippen markerte seg eintydig mot vindmøller i Florø sitt turområde. Dei hadde bygt ein imponerande doning med vindmøller og segl i megaformat! Forseggjort i særklasse. Jacob Nødseth vart hylla for sin klåre motstand mot vindmøllene…. medan nyeordføraren og bystyrefleirtalet fekk stryk.

Så kom Jacoben – som ein god nummer to: Kjippen ville ikkje betale for Jacob Nødseth sin deltidsjobb som ordføraren si Høgre-hand på Rådhuset. Dei bar rundt ”ørten” bilete av Jacoben med tekstane ”Sjå på meg!”. Jau, den ivrige Jacoben fekk det tydeleg i Kjippen: «Lær deg folkeskikk!». Han fekk ”Nei” til å løne han kommunalt, men samstundes ”støtte for innsatsen sin” mot vindmøllene. Slik er Kjippen. Medvind og motvind for Nødseth.

Så kom juleølet, smøret og Dagmar! Eg tel deretter til tre: Det lokale bryggeriet var tome for juleøl. Heile Norge var tome for smør. Og uveret Dagmar hadde herja frå Florø og nordover. Desse tre var utan brodd og snert. Men det som verre var. Når vi har telt opp desse fem innslaga, så var det jamt slutt. Då var det mest rølp i fylla utan mål og meining!

Kjippen – denne særeigne tradisjonen – må få lov å variere. Anarkistar i fri dressur er berre måteleg organiserte, men eg anar at her ligg ein uformell ”Kjerne-Kjippen” bak. Dei veit kva som trengst til neste år. Kjippen og Florø treng ein ballfordelar på midtbanen neste Romjul. Kvar var feiden mellom Høgre og gamleordførar Bente? Kvar var striden om verninga av gamle bygg, no når nye bygg er under oppføring?

Vermeldingane kan ha spela Kjippen eit puss i år. Sjølv om det var opplett og fint når kyrkjeklokkene og Kjippentrommene slo på likt, så kan mange ha vorte skræmde av at Værmeldingane (Frå NRK……, og kanskje frå Tøffe-Knut Magnussen i Firda for alt eg veit….) denne gongen var verre enn veret. Men det smakar ikkje heilt rett med at Florøværingane er redde kuling og storm. Eg vel å setje nedturen for Kjippen på den tilfeldige kontoen. Men viss stadig fleire trur det er nok å kle seg ut og rave gatelangs for å halde liv i Kjippen, så trur eg dei tek skammeleg feil! Skal Kjippen bestå som Kjippen, så må det jobbast. Det er eg sikker på at Florø-anarkistane forstår etter årets fadese!  

Alt vart brent på bålet! Tradisjonen tilseier at alt av doningar og plakatar vert brent på felles bål rett etter opptoget. Den usensurerte ”nyttårsrevyen” Kjippen har reinsa Florø klart til 2012. Kjippen i år vert fort gløymt. Æra vart berga av Vindmølledoningen og Jacob Nødseth!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Kjippen på lågmål

  1. Åsmund sier:

    Takk for skryt av vindmølledoninga vi lagde. Men vi ville no ikkje gje skryt til Jacob…mest det motsette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *