Design i julehandelen

Kva vil utstillingsvindauget fortelje oss?

 Julegåver og design – butikkrunde  Radiomelding av design og julegåver 

Kor mykje betyr design i julehandelen? Er det form og innpakking som bestemmer? Eg la laurdagshandelen til Sogningen Storsenter i Sogndal på studietur. Det slo meg fort: Her er fire nivå med design pakka oppå kvarandre. Først er det sjølve gåva med form og merke. Den skal sjå kul ut. Gi oss eit inntrykk av modernitet. Rett «kode» er avgjerande. Nivå to er gåveinnpakninga i plast og gylt papp. I tredje sving er det sløyfe, band og papir som tel. Til fjerde og sist kjem dei med ein plastpose som er merka med logo til kjede og butikk. Når varer vert meir og meir like, så er det designen som avgjer kvar handelen går.

Gåve til kjærasten er ein vanskeleg sport. Der er det damene i butikken som er konsulentar. Og dei pakkar inn. Dei tek ikkje sjansen på at ein av mannekjønn skal pakke inn eit smykke til ei dame. Dei har butikken sitt renome å ta i vare……på vegne av kvinnekjønnet.

I sportsbutikkane er fokus på innpakking meir tilfeldig. I treningsdraktene sitt Mekka er det viktig med merke og korleis ein tek seg ut når juleflesket skal trimmast av. Dei som kjøper sportsutstyr for folk som går langt og ligg ute i vekesvis vinterstid bedyrar at det kun er det praktiske som gjeld. Det er Nansen/Amundsen-året må vite. Men når det endelege valet skal gjerast, så er det farge og utsjånad som spelar inn meir enn mange vil innrømme. Slik er det her også.

Ja, sjølv ei steikepanne skal vere tøff. Og innpakkinga av steikepanna skal kamuflere innhaldet under juletreet. Ei innpakka steikepanne kan til forveksling likne ei skjorte, seier butikkmannen med eit smil.

Ungdomen i spiss. Julehandelen er ei storheitstid for konsulentane. Vi skal kjøpe julegåver på kryss og tvers av alder og interesse. Vi skal svi av pengar som skal glede dei vi er gla i. Design gir «kode», og då må vankunnige foreldre og besteforeldre ha med ekspertar som veit kva som er rett farge, butikk, form og merke! Alle handlande legg vekt på at det er ungdomen som fører an i designhysteriet. Det er ungdomen som set standard, men dei eldre generasjonane ser ut til å fylgje etter.

Fokus på design er uttrykk for fleire faktorar. Det ligg i mennesket at form og farge betyr mykje for dei fleste av oss. «Auget» skal ha sitt, heiter det, ikkje berre nytten i snever forstand. Eg vil likevel hevde at det i vår tid er overfokusering på design.  Men også det har sin grunn. Vi vil at gåver skal sjå påkosta ut. Det er den som sym i overflod som har råd til å sjå så mykje på form og farge. Vi har råd til å betale overpris for design i ei førjulstid der store delar av lukka kan pakkast inn i glansa papir!

PS: Neste blogg handlar om frelsesarmeen og bruktbutikken! Frelsesarmeen held på sine tilvande logoar, og på misjonsbruktbutikken ser eg at sjølv mimrebutikken sel på minne og gamal design.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *