Vesledoktoren i fri dressur

"Vesledoktor" Ole Johannes skriv romar med sjølvbiografisk tyngdepunkt

Høyr radiomelding 

Ole Johannes Øvretveit gir ut romanen ”Doktoren og Vesledoktoren”. Ein roman med så sterke sjølvbiografiske trekk at sjangeren vert utydeleg. Ein roman om tilhøvet mellom forfattaren og foreldra, og mest av alt om Ole Johannes sitt tilhøve til far sin. Romanen er i ein slags Knausgårdsjanger der den dikta delen vert uklår i høve til at det meste ser ut til å vere sjølvbiografisk.

Ein roman er ein roman. Dette er ein roman om ei nervesjuk og utru mor, og ein alkolisert og neddopa far: Doktoren. Faren misser til slutt jobben, kvittar seg med rusen før han kort tid etterpå døyr brått av kreft. Vesledoktoren Ole Johannes druknar seg i depresiv sorg, men ei klok og kjærleg kone får han på føtene att: Boka har undertittel ”Veien inn i mørkret og ut igjen”.

Romanen er særs godt fortalt og har fornøyelege tidsbilete. Den skildrar forholdet mellom menneske. Kjærleik og svik. Fornedring og livsglede. Svartsyn og entusiasme. Språket er godt bokmål, med ei lita personleg nynorsk røyst som ein direktekanal frå forfattaren ”til pappa”. Eg trur den vestnorske forteljarstemma kunne vorte endå betre på nynorsk.

Den private grøfta er lett å falle i, men forfattaren greier seg med eit naudskrik. Ein må stå nært slikt stoff for å kunne formidle det litterært, men då vert det automatisk ein fare for at nærleiken skuggar for interessante perspektiv. ”Kjølig distanse” har også sin plass i ei ”varm” bok. Når ein skriv så sjølvbiografisk i ein roman, så vil ein oppleve at enkelte lesarar les boka – ja nettopp – sjølvbiografisk. Og les ein boka sjølvbiografisk – ja, så vert boka i meste laget sjølvsentrert.

Det er vanskeleg å lese boka berre som roman då namn i boka, forfattarnamn og vaskesetlane til dei grader understrekar at dette er ”based on a true story”. Som reine romanar kunne både Knausgård  og Øvretveit skrive under pseudonym og med oppdikta namn i romanen. Men denne ”sjølvbiografiske sjangeren under ein slør av romanen” gjer lesaren litt forvirra. Men denne pikante blandinga sel i vår tid der facebook og reality-TV pregar tidsånda.

Privat kontra personleg. Desse to omgrepa må utdjupast litt i ei bokmelding i denne blandingssjangeren. Den personlege forteljaren som greier å formidle det som er allment interessant hevar kvaliteten, medan private aspekt og skildringar er ålmenta uvedkomande. Vesledoktoren sparer oss for det meste av private og unødvendige detaljar. Det er ikkje meir ”privat overslag” enn ein må pårekne i vår tid, og skjemmer boka minimalt. I boka vert personar utleverte – særleg foreldra og Ole Johannes sjølv – men eg vil hevde at dette er gjort med respekt og aldri spekulativt.

Det er flott av Skald å gi ut lokal skjønnlitteratur. Ei velskriva bok om viktige emne. Boka er velredigert og har i hovudsak ein klar tråd. Ei frodig og gripande bok som fekk meg både til å le og å gråte.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *