Trekkspelfest i spagat

 

Ein ung musikant får stå som døme på det aldersmessige unntaket på Skei-Treffen

Høyr radiomeldinga og reaksjonar frå publikum

Skeitreffen vart arrangert for 37. gong i helga. Etter opptakt i regi av Førde trekkspelklubb i 1974, tok Skei hotell med Jon Skrede på knappane over TrekkspelTreffen på 80-talet. Eg vitja Treffen frå middag til dansen såg ut til å slakne av på laurdagskvelden. Eg såg eit ærverdig arrangement for full musikk, men sit likevel att med ei kjensle av at SkeiTreffen er på veg til å tone ut.

Til middagen serverte dei konsertinnslag i toppklasse. Her er norske trekkspelarar i samspel med det beste ein får frå Sverige, Frankrike, Irland og Italia. Dei gir oss eit ekko frå konserten tidlegare på dagen. Vi får varierte tonar til å fordøye hjortekjøtet. Men når virotuosane skal spele «Jølstrabrura» let det berre sånn passeleg. Eller som ein sa det; «Det er bra at Anders Viken er dau, so han slepp å snu seg i grava».

Publikum kosar seg når dei får møte dei internasjonale stjernene sine, men fleirtalet ventar nok likevel på den norske trekkspelmusikken som spelar opp til gamaldans. Dette er seniorane sin kveld på alle vis. Ja, til og med dei godt vaksne seniorane. Ikkje noko gale i det, men eg får ei kjensle av at datostemplinga held på å gå ut for SkeiTreffen.

Ungdom på instrument og dansegolv er nesten fråverande. Det er dei godt vaksne gamaldansarane sin kveld. Det er stort å sjå dei eldste når det vert spela opp til tango. Då svevar gamle skrottar med lette steg og med eld i blikket over det vesle dansegolvet. Men deltakartalet ser ut til å minke, og deltakaralderen går opp. Her må ein kraftig snunad til om dette skal vare i fem år til. Kanskje er 40-årsjubileet eit passe mål?

Jon Skrede er eit studie verd. Hotellveteranen og trekkspelentusiasten. Han står på utan kvil. Han helsar deg velkomen og serverer. Han er konferansier og han spelar. Han er praktisk avviklar, og når klokkene ringer for nattmat, så er det naturlegvis Jon Skrede som svingar suppeausa. Han er imponerande med alt sitt engasjement, men eg lurer likevel på om denne energibunten med sitt musikkalske nettverk greier å gi SkeiTreffen evig liv.

Er interessa stor nok til å hente Europeiske verdsstjerner med allsidig trekkspelmusikk til Skei ein gong i året? Eg trur det er gamaldansinteressa som held liv i trekkspelinteressa. Å danse på flatt golv kan seniorane gjere til billegare og meir lokale musikkrefter. Skei-Treffen er på veg ned i den djupaste spagaten mellom virotuos toppklasse og folkeleg dansemusikk. Vil den kome seg på beina att?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *