Frå vikingar til kjendisar

"Odins smykke" - ein del av bokhausten som vert omtalapå bokradioen 21. november

Det er haust. Bokhaust. Forlaga lempar julegåver. Saman med Stein vil eg i føremiddagssendinga måndag 21. november melde den lokale bokhausten. Denne bloggen er ein av tjuvstartane.

«Odins smykke». Bjarte Sindre frå Florø har gitt ut fire bøker på Selja om vikingtida. Om den farlause Asgeir Åsason frå Bru. Grundig kunnskap om vikingtida. Spenningsbøkene er godt skrivne, men dei kunne med fordel vore redigert ned noko i sidetal. Forfattaren prøver truleg på to ting. Skrive spenning og opplyse oss om livet i vikingtida. Eg trur spenningsbøkene ville fungert betre om «langhalmen» var skoren. Men bevares; godt skrive på godt saganynorsk av den gamle skulemeisteren.

«Kald finale» er siste tittel frå Kai Martin Brekke. Den tredje krimmen om Mikkel Holo på Skald. Velskriven krim med ein spennande slutt. Men vegen fram til det skrur deg opp er litt for lang å gå.

Marit og Erling på nattbordet. Kanskje du ikkje likar lange romanar? Kanskje du likar bøker til nattbordet? Eitt lite avsnitt kvar kveld. Eitt kapittel som står for seg sjølv. Eg har lese to blodferske bøker av ”lokale” forfattarar busett i utlegd. Erling Lægreid frå Årdal har skrive ”Nærgåande skisser ” på Samlaget, og Marit Tusvik ”26 små romaner” på Oktober.
 
Novellesamlinga ”26 små romanar” inneheld 26 forteljingar. Om kjærleik og barndom. Om røynda, draumar og fantasi. Om glede, sårbarheit og smerte. Med humor og ironi. Tråden er flytande og tema er springande. Fragment frå ei livsreise er fortalt på ledig bokbål og nynorsk. Ei bok for dei som likar prosatekstar om levd liv.
 
”Nærgåande skisser” har nesten 60 avsnitt om like mange framståande menneske i samfunns- og kulturliv. Folk som prega Noreg frå krigen og heilt fram til vår tid. Det er 60 velskrivne portrett. Somme snille og somme nærgåande. Dei fleste er skrivne med Lægreid sin skarpaste penn. Dei fleste har ein poengtert avslutting med snert. Lægreid briljerer med sin berømte og berykta punsj. Ei bok å anbefale til dei som interesserer seg for kultur og samfunnsliv. Frå Halldis Moren Vesås til Einar Gerhardsen. Frå Mosse Jørgensen til Einar Førde. Vanskeleg å avgrense seg til eitt kapittel per kveld.
 
Marit og Erling; To forfattarar og to sjangrar. To språk og to forfattarar frå to industribygder i Sogn. To tydelege kjønn har skrive til to nattbord. På mitt nattbord ligg begge! Utlesne!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Frå vikingar til kjendisar

  1. oddlaug walaker sier:

    Lægreids 60 skisser er blitt publisert i vekeavisa Dag og Tid. Dei fleste skissene toler å lesast på nytt; han skriv betre enn dei fleste frå bygdene no til dags.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *