Kreativ spagat på Sogn Kunstsenter i Lærdal

Hans Gjesme har fått sjølvportrettet på veggen i Sogn Kunstmuseum

Bilete frå utstillingane til Hans og Kurt 

Radiomeldinga  Publikumsreaksjonar  Filosofiske ord om tid frå Kurt Johannessen  

Det er søndag. Sola skin over Sogn. Nedst på Lærdalsøyri er det skugge. Store måleri av Lærdalskunstnaren Hans Gjesme vert for fyrste gong stilt ut i den store og lyse kunsthallen i det nye Sogn Kunstsenter. Sogn og Fjordane kunstsenter gjer etter mitt skjøn gode grep i den nyopna avdelinga i Lærdal.

Samtidskunst og Gjesmesamling side om side. I sommar har dei synt fram samtidskunst av høg kvalitet i samarbeid med Astrup Fearnley samlinga i Oslo. No slår dei til med Kurt Johannesen si utstilling ”Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise”. Utstillinga er i regi av Nasjonalmuséet, og i samarbeid med Bergen Kunstmuseum. Turnéen startar i Lærdal, og skal gå landet rundt i to og eit halvt år.

Kurt Johannessen syner oss teikningar og kunstbøker. På skjerm syner han også ”performance”. ”Performance” er kunst framført på direkten. Den har såleis sterke fellestrekk med scenekunst – drama og dans. Kurt J kjem til Lærdal laurdag 12. november for å framføre ein ”teikneperformance”. Dei som møter der får ein ekstra kunstdose som det kan vere kjekt og interessant å få med seg. Kurt J er ein fabulerande og filosoferande kunstnar. Han tek ikkje lettvint på det. Her er idé bak, og han syner oss solid handverk. Han er også ordkunstnar, og det vert gjenspegla i titlar og i kunstbøkene hans. Ord – strek – idé – bok – performance med sterke sceniske trekk. Kurt Johannesssen er ein allsidig kunstnar som utfordrar oss. For enkelte kan det verke uvant, men viss du vel å vere med på leiken, så er det ikkje spesielt tungt tilgjengeleg. Meiner eg.

Hans Gjesme levde og arbeidde i Lærdal på 1900-talet. No heng mange av dei store måleria hans i den lyse og lette storhallen for kunst i Lærdal. For fyrste gong. I naboromet til den meir moderne samtidskunsten. Gjesme målar folk og landskap. Konkret.  

Det kjem 25 til opninga på ein blank søndag. Inkludert tilreisande forståsegpåarar. Ja, ja. Forvitne er dei no ikkje, Lærdølene. OK då. Eg veit det: Utstillinga skal stå til langt ut i november, og det er krevjande både å gå tur, jakte vilt og å få avlinga i hus. Men det storslegne Kunstsenteret er eineståande for ein så liten kommune i dette fylket. Det er soga om ein kunstnar frå bygda som gav kunstsamlinga si til kommunen. Det er den viktigaste bakgrunnen for at bygget står. Står der etter kommunal kamp. Står der som resultatet av eit stort spleiselag. Om ein ikkje er interessert nok i samtidskunst så får det vere så si sak. Det er noko ein skal venje seg på, og det er ingen katastrofe i det.

Men kvar er Lærdal kommune ein slik dag? Når Gjesme kjem på veggen i nybygget på Lærdalsøyri. Etter store kommunale utfordringar. Ikkje eit ord. Stille. Eg har lov til å verte forbina! Det var truleg også dei av bygdefolket som uttrykte at no var ”Gjesmekunsten kome til sin rett”. Og enkelte av dei sa at dei skulle heim etter briller for å ta teikningane til Kurt Johannessen nøgnare i augesyn. Nøgnare i augesyn både på strekane og filosofien.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *