Proff magi med vekt på scenografi

Nattens Dronning: Mari-Kjersti Tennfjord. Foto: stig høynes

Sjå bileta   Høyr radiomeldinga   Høyr kort prat med operasjefen   Høyr publikumsreaksjonar og aktørar

Opera Nordfjord med première nummer 14. Tryllefløyten av Mozart. Eitt topp orkester og 11 songsolistar i toppform gir oss ein magisk operakonsert. Scenografien er blendande med opne skift. For første gong får det nye operahuset synt fram potensialet sitt på spektakulær scenografi. Fargerike kostyme gir oss ei overveldande finalescene. Eit bilete som naglar seg fast.

Kva er ein opera? Opera er musikk, song og fargar. Det handlar – i den grad det handlar om noko som helst – stort sett om kjærleik og svik, humor og død. I denne oppsettinga av Tryllefløyten kjem handlinga heilt i skuggen musikken, songsolistane og det prangande visuelle uttrykket. I første akt vert vi med Prins Tamino på ei diffus vandring etter den smellvakre Pamina. Eg brukte pausen til å finlese programmet. Det kom vel med. Etter pausen sette regissør Ronald Rørvik ein klårare dagsorden. For å oppnå kjærleiken måtte heltane prøvast med å:

Motstå kvinner, halde kjeft og gå gjennom eld og vatn. Men sjølv andre akt kokte ut innhaldsmessig. Men om tråden er uklar, så gjer regissøren eit meisterverk med å få flyt i framsyninga, og han brukar humor og morosame «gags» og artige tidsskifte.  Orkester, solistar og skiftande scenebilete er ”taima” så det held.

Scenograf Sunniva Bodvin leika seg med store flyttbare element i opne skift med aktørar og operakor som scenearbeidarar. Imponerande. Men so er det noko som heiter ”less is more” – med andre ord: Det kan bli for mykje av ein god ting. Ein ting er at den imponerande scenografien ”står i vegen” for den relativt tynne handlinga, men av og til fekk eg kjensla av at den også skugga for songsolistar og orkester. Av og til var det som eit transportfirma hadde overteke scenen!

Ikkje trylla fram på dugnad. Premièrepublikumet var i ekstase. Vi elskar den overveldande operaen. Vi let oss imponere og gle over at ”den bykulturen som operaen er” – finn rotfeste her hjå oss. Visst er det kjekt, og kulturdugnaden er kjent varemerke på bygda. Men la meg understreke at det er den kunstnarlege leiinga med operasjef Kari Standal Pavelich som over år har bygt opp miljøet, og som med økonomiske musklar på sju millionar hyrer inn dusinvis med proffar! Tryllefløyten er naturlegvis ikkje trylla fram på dugnad.

Kor mange dauda? Oppsummert: Ei blendande framsyning der handlinga drukna. Eg fekk ikkje med meg kor mange som sveik og kor mange som fekk kvarandre. Eg fekk ikkje med meg kor mange som dauda. Eg forelska meg ”Nattens dronning”!    

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *