Ein halv million til ein draum

Hemnen (Foto: Oddleiv Apneseth)      Ære vere Randi Førsund som ynskjer seg storfilm til 120 millionar, men er det Fylkeskommunen si oppgåve å støtte opp under luftslott?

Eg skjønar at Randi Førsund ynskjer seg ein spelefilm til 120 millionar. Eg skjønar at Fylkeskommunen drøymer om ein verdsfilm med scener frå vestnorsk natur. Eg skjønar likevel ikkje at Fylkeskommunen sprutar inn ein halv million i prosjektet på toppen av den kvarte millionen dei alt har svidd av.

Vi vantru vert stempla som pessimistar. Kvifor er eg ikkje med på hallelujaropa? Jau, fordi eg trur at det er overvettes sannsynleg at det skal meir til å lage ein film som vert verdssuksess. Det skal meir til enn det filmselskapet til Randi Førsund & co har av økonomiske og faglege ressursar. Ja, eg veit om Ballo og Gaup. Men kor mange millionar skal dei skyte inn?

Kven vil satse 120 millionar på ein manusdebuttant som ikkje har fått produsert ein ørande liten reklamefilm ein gong? Berre Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tru på det. Utvalsleiar Kjartan Longva er ærleg nok (på Firda.no) til å kalle det gambling. Slik ærlegdom tener han til ære. Berre ikkje Lotteritilsynet får snusen i saka og kjem etter han!

Kva er så min kompetanse? Min kompetanse er avgrensa til å forstå at 120 millionar er mykje pengar, og at det trengst eit meir kompetent og solid selskap til å gå i bresjen for eit slikt sjansespel. Vi snakkar om eit filmbudsjett som er større enn 2 x Max Manus pluss ein gong Varg Veum. 

Til Randi og Fylkeskommunen. Eg vil ingen vondt. Eg veit at det er ein mikroskopisk sjanse for at filmen ”Hemnen” vert realisert. Slår det til, så skal eg stå på bordet å juble. Eg skal ikkje ete hatten min, for hatt har eg ikkje. Men eg lovar dyrt og hellig tre sommarferieveker i hardt dugnadsarbeid under filminnspelinga. Døgnet rundt. Randi, du skal få setje meg på den kjedelegaste og mest beinharde dugnadsjobben. Eg tek han med den aller største glede. Glede over å ha teke feil. Under har skjedd før, seier du kanskje. La oss berre tenke på Dalsfjordbrua. Vert ”Hemnen” filma i 2013, så er det eit under langt, langt, laaaaaaaaaaangt større enn Dalsfjordbrua, for hugs at Dalsfjordbrua skulle ikkje seljast internasjonalt!  

PS1: For å vere tindrande klår: Kritikken min går ikkje på Randi & co som har søkt. Ære vere ho og dei for det. Men når eg ser på dei avgrensa fylkeskommunale kulturkronene, så stussar eg på kvifor dei plutseleg set enno ein halv million inn i «gambling»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *