Teater om å sjå og om å verte sett

    Kona til den sovande Sebjørn vart fint tolka av Katrine Lunde Mackenzie  Foto: Olav Reiakvam                                                             

Høyr radiomeldinga

Boka til Olaug Nilssen «Få meg på, for faen» kom på scenen på SoF teater. Det var première i Førdehuset torsdag kveld. Ei storsatsing med åtte skodespelarar i ørten rollar. Scena stod i ro, medan lyset dreiv forteljinga rundt i ei teknisk krevjande framsyning som også snurra video på bakveggen. Der spelefilmen fokuserer på Alma sin pubertetssex, dekker teaterstykket langt på veg heile boka. 

Damer som ikkje vert sett er hovudtema. Frå den sprengkåte Alma til den namnlause åttebarnsmora ”Kona til Sebjørn” og dottera hennar – Maria – som vaskar og studerer sosiologi.

Regissør Bodil Kvamme gjer ein god jobb med stoffet, og scenograf Leiko Fuseya har laga ei funksjonell scene. Videoklippa på bakveggen står delvis som sjølvstendig uttrykk, og av og til spelar videoen i sikkert samspel med spelet på scenen. Det er den saumlause samansyinga av regi, scenografi og bruk av musikk, lys og video som løftar framsyninga. Skal eg likevel trekke fram eit negativt trekk med regien, så er det at den av og til vert litt fragmentert. I enkelte parti vert det vanskeleg å fylgje med når det føregår ulike spel på ulike delar av scenen. Samstundes er denne herlege og draumaktige flyten noko av styrken med stykket. So samansett er godt teater.

Musikken må nemnast spesielt. Utval av musikk og timinga i bruken av den hevar stykket. Den gir oss gode stemningar som underbygger humoren og varmen i stykket. Dette er eit teaterstykke der stemningar mellom folk er avgjerande. Damene som ikkje vert sett. Tilhøva i familien, nærleiken og sårheita i det sexuelle, arbeidsplasshumoren osb vert godt formidla. Vi kjenner oss att og humrar med.

Litt naivt 70-tals. Framsyninga vert på eit vis litt 70-tals i måten å presentere problemstillingane på. Eg knip meg i armen og lurer på kor mange gongar eg har sett desse rollesjablongane. Vonleg er det eit grep frå forfattar og regissør for å vise oss at gamle sanningar ikkje går av moten. Naiviteten er ein raud tråd i stykket. Den fylgjer ”Kona til Sebjørn” til Stortinget når ho kjempar for den lokale Nepefabrikken, og slutten på stykket er også naivt framstilt. Naivitet så det held. Overtydeleg. Sjablongane lenge leve! 

Dei åtte skodisane gjer ein skikkeleg jobb. Viss eg må dra fram nokre prestasjonar, så må Lars Melsæter Rydjord sin humoristiske presentasjon av «Sjefen for Nepefabrikken» kome høgt på lista. Fornøyeleg. Men min premie som beste skodespelar går til den namnlause ”Kona til Sebjørn” solid tolka av Katrine Lunde Mackenzie. Ho spelte variert og med ”tilstedeværelse” heile stykket tilendes.

Oppsummert. Ei teknisk krevjande oppsetjing kom vel i hamn på premièren. Eit viktig stykke med eit viktig tema: Korleis er det for enkeltmenneske og ikkje verte sett? No skal stykket ut på vegen og mellom anna vitje mange vidaregåande skular. Då vil framsyninga få røyne seg mot det ungdommelege publikumet. Vil ungdomen ramle av i dei mest fragmenterte partia, eller er nettopp ungdomen ekspertar på ”multitasking”?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *