Frank Willy (FRP) og Jenny (SP) vann debatten

Oldeide leia debatten - politikkarane kjempa om ordet

 Radiodebatten på lydband   Mine vurderingar og kåring av debattvinnarar 

Dei sju listetoppane møtte kvarandre til debatt på radio på fredag. Debatten gjekk på skule, veg og næringsutvikling. Djupvik frå FRP og Følling frå SP vart debattvinnarar.

Skuledebatten vart prega av to tilhøve. «Alle» var samde om innhald. Det er berre FRP (med Høgre på slep) som tek inn over seg raset i elevtal.

Vegdebatten vart den friskaste. SP-Jenny set seg i førarsetet og gir gass. FRP-Frank er den skarpaste på prioriteringane. Livleg debatt med enormt engasjement frå alle. Bravo!

Næringsdebatten bar preg av generelle oppramsingar og ynskjelister, men den var også opplysande. Det vart nok snakka om langt fleire emne enn det fylkespolitikkarane har råderett over. Men slik er valkamp.

FRP-Frank er klårast og mest veltalande samla sett. Han har litt unotar med å snakke oppå andre. Likevel vinn han debatten i mine auge. Men la det vere sagt. Det er sju kjempande politikkarar som står i studio i nrk denne fredagen.

SP-Jenny vinn ein etter måten klar siger over AP-Åshild i kampen om fylkesordførarklubba. Ja, eg meiner det basert på denne debatten. Her avgjorde særleg vegdebatten der Jenny sette seg i førarsetet – rett nok som dei andre utan pengar – , medan Åshild vart uklar.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *