Sunniva og Gunn på bytur

Seljeordførar Gunn Helgesen opnar utstillinga

Høyr meldinga  Høyr arkeolog Alf Thore Hommedal  Høyr ordførar Gunn Helgesen   

Sjå bilete frå opninga

Det er utstilling om «St Sunniva og det heilage skrinet» på Bergen Bymuseum. Eg er på opninga onsdag 7. september. Det var på denne datoen i år 1170 at Sunnivaskrinet og bispesetet vart flytta frå Selja til Bergen og Kristkyrkja. St Sunniva vart skytshelgen for Bergen. Bergensarane har lagt si flid i utstillinga.

Her er mykje myter om Sunniva, og lite (les ingen) sikre objekt. Arkeolog Jan Thore Hommedal frå Bergen Museum er fagleg ansvarleg, og Anne Mette Prestegård er utstillingsansvarleg. Eg får snike meg inn på førehand. Før ordførarar og biskopar.

Forteljarglede. Dei to ansvarlege har stor forteljarglede, og det syner i utstillinga. Mangel på objekt gjer at dei må fortelje ved hjelp av myter, legender og stemningar. Lydstemningane fungerer, alt frå bylivet i Bergen til katolsk mellomaldersong i ”kyrkjeromet”. Røykelse gir også stemning. Animasjon av kloster og den heilage hellaren er med å gi breidde i uttrykket i utstillinga. 

Gøsta av Geijerstam har illustrert ei bok som Sigrid Undseth skreiv om Sunninva-legenda på 20-talet. Utstillarane har forstørra desse bileta kraftig, og dei set ei fin stemning i den romslege utstillinga. 

Utstillinga er informativ og fin. Det gir ei god stemning å vere der, og du kan lære mykje. Kjenner eg Seljeværingane rett, så vil dei prøve å sikre seg ein etterbruk av denne utstillinga lokalt i Selje. Det bør dei! Men før det er aktuelt skal utstillinga stå eit års tid på Bergen Bymuseum. 

Så til sporten «Utstillingsopning». Her er ikkje Bergensarane (eller Seljeværingane for den del) smålåtne. Ein modell av Sunnivaskrinet vert rodd inn Vågen på vikingskipet Håkon Håkonson. Den grå himmelen sprekk opp i eitt blått glimt når Sunnivaskrinet legg til kai. Her er kostymering, bunader og barnekor. Det osar av tradisjon og vakker korsong. Stemningsfylt. Så går prosesjonen med Bjørgvinbiskop, Seljeordførar og Kinnaspelgeneral først til Kristkyrkja. Der vert det heilage ord, korsong og salmar.

Så til Bergen Bymuseum. Eit tablå syner oss korleis krafta i Sunnivaskrinet hadde vorte brukt mot bybrann. Ho var då Skytshelgen for Bergen! Så tala varaordførar i Bergen og ordførar Gunn Helgesen i Selje opningsord. Helgesen la vekt på det åndelege og på det næringsmessige i pilgrimsruta mellom Bergen og Selja. Ein KrF-ordførar i valkamp hadde såleis med seg både Gud og Mammon på bytur!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *