Sterke debattantar i kjedeleg framtidsdebatt

Framtidsfylket - Panel og debattleiar

Radiopptak av debatten  Mi radiovurdering av debatt og debattantar

Meir om debatten pluss nett-TV 

Radiodebatten om ”Framtidsfylket” gjekk på næringsutvikling, folketalsutvikling og ungdomssatsing. Dette vart den kjedelegaste av dei tre debattane vi har gjennomført. Dei snakka om veg. Alt frå E39 til Kyststamveg i ytre strok. Alt om breiband og fiber i den innarste avkrok. Om sentrumsutvikling i fylket der vi skal satse på dei mange små sentra. Og dei var samde. Og det er vel og bra, ja kanskje til og med imponerande. Men som debatt vart det kjedeleg.

Dette var eit hardt beite med folk, og det vart vanskeleg for dei to relativt urutinerte å nå heilt opp, sjølv om dei gjorde heiderleg innsats. Eg gir ein tredelt bestepremie etter desse kriterium:

Rolf Domstein (H-Vågsøy) har tyngde. Han står som ein påle, og legg ut om alle resultat dei får i Vågsøy. Han leverer dessutan replikken: ”Eigedomsskatt er prisen for dårlege politikkarar”. Det er steikje godt formulert!

Alfred Bjørlo (V-Eid) er den mest veltalande. Den mest engasjerte, utan å overspele. Medan dei andre stod stive som stokkar under musikkinnslaget, så lea Alfred så vidt på hovudet. Han kjem frå Malakoff-bygda! Den ledigaste.

Jenny Følling (SP-Fylket) leverte ein sterk søknad for fylkesordførarklubba. Ho var klar i utsegnene. Ho kan politikken, og når ho får presentere den spreidde sentrumssatsinga si med gode vegar (gul stripe og fiberband) mellom, så har ho den gløden som trengst i bygdefylket Sogn og Fjordane. Ho hadde dessutan den vanskelegaste jobben ved å skulle forsvare fylkesordførarklubba til SP.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Sterke debattantar i kjedeleg framtidsdebatt

  1. velvel (sogning) sier:

    Uansett debattant: Annaleisdeggarar som forsvarer anakronismen Sogn og Fjordane. Her i sør mot Søndre bergenhus amt er S&Fj. irrelevant som ein daud hest. Slikt ber vi ikkje havre til….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *