Løyste låtten på skrønekveld

Henning Flatjord var stjerna i showet

Høyr radiomeldinga mi     Høyr skrønemakar Henning Flatjord sine aller beste  

Høyr gamlerektoren på Skei -Jonas Torsheim – om nynorsk banning

Laurdagskvelden gjekk eg i Fjøsen. På Skei. På skrønekveld arrangert av Mållaget. På fjøslemmen føregjekk det dobbel fødselsdag på høgtrykk. Nede på fjøsgolvet hjå skrønemakarane var det meir glissent. Skjenk i. Kopl opp mikken. Vi er klar: 

Den lokale ”Firerbanden” var utfordra på førehand, og vi kom godt i gang. Tilsaman var eit titals skrønemakarar framme med mikrofonen. Gamlerektoren på Skei Skule – Jonas Torsheim – fekk stemninga skikkeleg til å ta av med å dra ei sann soge om nynorsk bannskap i skulegarden – det var då mållagskveld……

Kvaliteten på storlygarane var jamn og god. Dette var folk som hadde skrøna før. Skrønene var meir ujamne. Nokre datt til det platte, og noko var oppattespøta gamle vitsar. Men vi toler det litt ujamt, når toppen er strålande!

Forteljartradisjonen er gull verd, og all ære til Jølster Mållag som avslutta jubileumsveka si med ei storlygarykt. Å fortelje soger er all teater og film si sanne ”mor”. Til dei som trur at ”Stand up” er noko nytt kan seiast: Dei gamle kjøgemeistrane og historieforteljarane som underheldt i kvilestunda i potetopptaket, i slåtteteigen eller når dei retta ryggen på fiskemottaket, storlygarane som heldt folk med humør i skumringstimen og på kantina på fabrikken – desse dreiv denne folkekjære sporten lenge før mikrofonar og formelle scener var oppfunne. Det er i denne stolte tradisjonen vi høyrer på skrønemakarane i Fjøsen på Skei på laurdagskvelden. Det var godt å vere der – nett so på Rorbua i Tromsø!

Henning Flatjord var ankermannen! På ei jamt skrønemakarlag stod det fram ei strålande stjerne: Henning Flatjord frå Stardalen. Han har særs god kvalitet på skrønene. Han kan å bygge opp fram mot klimaks. Han meistrar pausane, og lyttar til publikum. Taiming, heiter det vel….. også på ein mållagskveld. På eit jamt lag, var det ein mann som verkeleg imponerte meg! Kjekt å få høyre deg, Henning! Skrønekvelden er eit format som er skreddarsydd for deg.

Å le ilag. Ja, vi løyste låtten. ”Ein god latter forlenger livet”, heiter det på bokmål. Vi kjenner det helsebringande i å le. Eg gløymer fort det middelmådige. Det som var strålande var strålande. Takk til Jølster Mållag som arrangerte. Takk til alle ti skrønemakarane som skapte stunda. Takk til Henning Flatjord!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *