Djuvik og Helle vann diffus skuledebatt

Paneldebatt på Sandane

Høyr radioopptak av skuledebatten med fylkesnyttintro

Høyr vurderinga mi av debatten   Meir om skuledebatten tysdag

Skuledebatt på Sandane tysdag på direkte ettermiddagsradio. Tek politikarane inn over seg raset i elevtal i vidaregåande skule i fylket? Stort sett nei. Det er lettare å vere svevande optimistisk enn å skjere ned.

Diffust om valfridom. Dei sausa ihop om valfridomen gjeld fridomen til skulane til å kome med fagtilbod og/eller det gjeld elevane sin fridom til å velje fritt mellom det som vert tilbydd.

Forsvarskameratane Helle og Arnestad. Fjalerordførar Helle var flink å forsvare skulen i Dale. Glupt trekk med å kople opp sak til internasjonalisering og UWC same dag. Rektor Arnestad på Sandane – med heimepublikum i ryggen – gjorde godt forsvarsarbeid for hybelskulen sin.

Uklar hybeldiskusjon. Trude Brosvik var befriande klar på radio tidlegare i veka. Ho skilde mellom dei flinke og motiverte som søkjer eit spesielt tilbod, og dei som får velje til slutt og må ta til takke med å flytte på hybel for å få eit tilbod dei gjerne skulle fåttt nærare heimen. KRF-Trude var ikkje med i denne debatten, og her vart dei to debattane sausa i hop.

Kamphanane Djuvik og Helle vann debatten. Frank Willy Djuvik (FRP) er ein klar og glimrande talar. Han er engasjert, og han er også romsleg nok til å rose sin hovudmotstandar i debatten – Arve Helle (AP-ordførar i Fjaler). Helle er også engasjert og klar, og han hadde til dei grader gjort heimeleksa med å sleppe sak om internasjonal utvikling på den lokale Fjaler-skulen tidlegare same dag. Mange er nok glade for at desse to friske debattantane ikkje var samde. Elles må det seiast: Dei andre i panelet var godt førebudde og gjorde ein heiderleg innsats, men dei vart ståande litt i skuggen av «kamphanane».

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *