Kunstblink i Solund

   Folket strøymer til kunstutstilling i Galleri Blink på Hardbakke 

Høyr radiomeldinga Sjå bilete frå opninga

Solund kunstlag opna kunstutstilling i Galleri Blink på fredagskvelden. Kvelden før Solunddagen. Dei får låne lokale til det lokale skyttarlaget, som dei gjer om – ja nettopp – til Galleri Blink! I ein serie på fem så skaut dei ti blinkar, so er det sagt.

1: Dei organiserer. Ingenting er tilfeldig med desse kystkvinnene. Ja, for vi snakkar om kvinnene – mennene held seg i bakgrunnen. Dei har grep om å plukke interessante og flinke kunstnarar. Dei passar på å ha variasjon i utstillingane. Her skal det vere litt for ein kvar smak.

2: Dei er flinke å stille ut. Dei henger opp kvitt papir bak det meste av kunsten. Dei utnyttar eit skyttarlokale med lyssetjing til skyting maksimalt med avgrensa ressursar. Dei fordeler kunsten fint visuelt i lokale. Det ligg mykje arbeid og omtanke bak å få ei så fin og utstilling opp i eit så ”begrensande” lokale.

3: Dei mobiliserer nytt publikum kvart år. Dei begrensar tal publikum på opninga kvart år. Dei 30 medlemmane i kunstlaget er sjølvskrivne, men i tillegg rullerer dei invitasjonane til bygdefolket. Ein ny liten gjeng får skriftleg invitasjon kvart år nærast trekt etter telefonkatalogen. Og folk kjem. Vi var 90 – ja, nitti – frammøtte på opninga. Det var stil med søtekaker og «sprudel». Med kulturelle innslag og gode ord. Dette imponerer meg!

4: Ivar Orvedal hadde opningskulturen med sine ord til sine instrument i si rytme. Han fenga eit lydhøyrt publikum. Litt «moderne» opningskultur. Her syng dei ikkje berre «Jakob Sande».

5: Aud Lavik. Kunsthandverkar. Vesker av storfeskinn. Dei fem kunstnarane er naturlegvis basisen i utstillinga.

6: Liv Nordvik. Godt utført keramikkarbeid. Koppar og fat. Dyrehovud.

7: Eva Christin Laszka. Figurative bilete i ein teknikk som kombinerer foto og måling.

8: Marie Eliassen Krane. Akryl på lerret og mixa media. Ho leikar seg med form og farge. Denne kunstnaren var særs viktig for å halde breidde i utstillinga.

9: Gro Aakenes Sævig. Tekstilarbeid. Kjolar.

10: Bacalao til festmiddag! Heilskapen er det beste med utstillinga. Dei fire første punkta gir ramma for kunstopplevinga. Dei fem kvinnene som stiller ut gir oss kunst av god og gjennomarbeidd kvalitet. Variasjonen i uttrykket gjer at her får alle sitt. Kunst vert ikkje sært. I Solund Kommune. I bygda Hardbakke. Her har mange mykje å lære. Og etterpå dekker dei langbord i utstillingsromet. Bacalao og iskake. Godprat. God mat. Og her betaler vi kvar for oss. Også om du er ordførar i valkamp. I kulturlivet i Solund er der ingen ”gratis lunsj»! Skal ein kulturmeldar finne noko å klage over, så må det vere lite luft og dårleg ventilasjon når folket strøymde på under opninga. Mange kunstutstillingar i fylket vil missunne dei nettopp det!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *