Valdebatt direkte – Helsereform på fylkesradio

Høyr på bloggvurderinga av helsedebatten:

http://www.nrk.no/lyd/vurdering_av_debatten_om_helsereformen/177789AFD8EA5DDC/

Høyr heile debatten: http://www.nrk.no/lyd/heile_helsereformdebatten/091376D285CF21B0/

I ettermiddag køyrde fylkesradioen debatt om den store og nye helsereformen (samhandlingsreformen). Eg har twitra (HansJakobReite på Twitter) og eg blogga her «På scenekanten» til maskinen havarerte. No er eg påkopla att. Pjuuuu!

Stemninga er slik: Frank Willy (FRP) og Trude (KRF) kjem pesande inn i salen direkte frå Fylkestinget om aksjane i Fjord1. Debatten startar! Nokre setningar kjem her:

Bente Øyen Hauge: Politikarane ser problemet. Det er bra!

Trude B – Krf: Uklar refom – redd for svarteperspel! Må samarbeide med andre.

Sogndalsordføraren – Jarle Årvoll: Vi treng å samarbeide.

Nødseth (H) er konsentrert og godt førebudd: Vi får for lite pengar.

Djupvik: For dårleg finansiering. Det vil gå utover dei eldre.

Slik bølga det fram og tilbake. Min refleksjon er:Skulle vi hatt med ein sentral politikar her i dag? Ein kommunalminister? Ein Helseminister? Pengedebatten vert hengande litt i lufta. Alle synest reformen er uklar. Det er fire månader til nyttårsafta, når dette skal ta til å gjelde.

Gerd Brekke for pensjonistane vart stjerna i showet: Ho spurde om reformen er noko «berre politikarane har kviskra om seg i mellom» (Topp formulering!)

Om debatten: Ja, vi lit på at dette går bra, men vi vert usikre mår så mange sentrale folk er usikre i ei så viktig sak!

Kven vann debatten: Det var eit jamnt debattlag, men eg vil trekke fram Trude og Frank Willy. Frank Willy (FRP) er veltalande og klar om sine private løysingar der han vil importere sjukepersonale på skiftordning og han sparkar mot fagforeningane. Trude greier å kombinere det å vere oposisjonspolitikar med å vere ein løysingsorientert ordførar. Ho kjenner dilemma på kroppen og ho viser varme i sine vanskelege prioriteringar. To ulike politikarar «spelte kvarandre gode», og dei vart etter mi meining vinnarane på eit jannt og godt debattlag.

PS: Det er første gong eg har gjort ein slik «munnleg/skriftleg» blogg på direkten. Eg har twitra også i møtet. Eg gled meg som ein unge til tysdag. Då skal alle plattformer vere oppe og gå!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *