Frå Malakoff-party til ”solskinn og brød og ånd” i Domkyrkja

Høyr «kulturmelding i terrorhelga»  og «kulturprat ei veke etter terrorfredagen»

Det er på den tredje dagen etter den lange terrorfredagen. Eg vil blogge om kultur etter ei helg der det fleirkulturelle vart utsett for terror. Kva funksjon har kulturen vår i sjokket og sorga? Eg var på veg til Malakoff rockefestival på Nordfjordeid då det small i bilradioen. Laurdagskvelden var eg på dansebandfestivalen på Sande. Søndag var eg på sofa-TV-høgmesse i Oslo.

Fredagskvelden på Malakoff fekk ein forsiktig start. Folk hadde høyrt, og var lettare prega. Omfanget var ukjent og alvoret hadde ikkje sige inn. Konsertpublikumet fann scenene. Dei hardaste festløvene prega ”campen” på ein slik måte at dei konkurrerte med innslaga på Vestlandsrevyen frå ”Køntrien” på Breim. Men festivalcampen på Eid er fri for kritiske Vestlandsrevylinser. 

Radioen melder om ubekrefta massakre på Utøya. Malakoffen går sin gang stadig litt meir dempa. Avbryting eller avlysing ville vore naturleg for eit par tiår sidan. No stoppar vi opp eit minutt og skiftar til eit litt lågare gir. Laurdag vaknar vi til katastrofetal. Rockepresten Bjørn Eidsvåg syng ”Ingenting blir noengang som før – ”før” kommer aldri mer igjen”. Guddommeleg timing, Malakoff!

”Jag trodde englane fanns” og ”Kongen av Campingplassen”. Dansefolket på Sande får ein dempar på Ole Ivars på fredagskvelden. Eg vitjar Sande på laurdag. Det er daff stemning. Dansefolket svingar seg på låven og i teltet. I min ungdom vart dansefestane avlyst om ein av oldingane i bygda hadde somna inn. No velsignar både prest og anna øvrigheit at vi kan danse sving under landesorg. Samfunnet har utvikla seg!

Fellesskap og song. Eg trur det er avgjerande viktig at festivalane går sin gang også under katastrofe. Det å vere i lag er viktigare enn den ramma det skjer under. Like viktig om det er ungdommen med høg partyfaktor i fjelltelta sine på rockefestival eller om det er ”danseband-seniorane” i campingvogn.

Solskinn og brød og ånd! Søndagsmorgon, og eg er ikkje på veg til kyrkje. Men eg hamnar på fremste benk likevel. I domkyrkja i hovudstaden. På TV! Eg er ”ein mann av ordet”, men eg har gløymt det meste av det som vart tala og messa. Men Nordahl Grieg som allsong i domkyrkja vil eg hugse livet ut. Her var det ikkje nok med ”Å – ver hjå meg” frå salmeboka. Her kom ”Til Ungdommen” i beste ”1. maitradisjon”. Eg såg at Biskop Kvarme var utsø på teksten, men kong Harald song støtt frå arket: ”Solskinn og brød og ånd eies av alle”! Kongen hadde gjort heimeleksa! Heilt konge!

AUF-arane er kanskje ikkje dei mest trufaste kyrkjegjengarane, men Den norske kyrkja og Det Norske Arbeiderparti heldt hovudet kaldt og let alle få synge sine ”salmar” direkte ut denne søndagen. Inkluderande. Det er viktig å ha eit stort romsleg felles rom og samlast i. Det er viktig å syngje ilag. Dette er kulturen sin viktigaste funksjon i sjokk og sorg. Felles rituale og felles rom. Det er viktig å ha kulturen å gripe til når katastrofen rammar. Kulturen hjelper til slik at panikken ikkje får råde.

Kyrkjaromma våre vert stadig opnare, og dei vil få større utfordringar. Vi vert stadig meir fleirkulturelle, og vi kjem til å få bruk for det store og romslege kyrkjeromet i sorg og glede på tvers av kulturar og religionar. Denne gongen var det ein som kalla seg ”kristen” som utførde udåden. Ein av ”våre eigne”. Nasjonen står samla politisk, religiøst og kulturelt med si sorg og sine reaksjonar. Flott! Utfordringane for samfunnet – og for kyrkja – kunne ha vorte større om udåden vart utført av ”dei andre” – utført av ein av dei som 22.juli-terroristen ville til livs. Dette må vi også ta med oss i den framtidige debatten i det fleirkulturelle samfunnet. ”Solskinn og brød og ånd eies av alle”! 

PS: Kva tid torer vi å spøkje? Dette siste PS-et vil kanskje overraske nokre lesarar, men ver snill å lese det med ettertanke. Kultur er viktig i bearbeiding av sorg. Humor er ein viktig del av denne kulturen. Viktig når den tid kjem. Ikkje før. Midt i sjokket og sinnet, saknet og sorga er det lite plass for humor. Humor vert forståeleg nok lett stempla som mangel på respekt. Men likevel; Etter alle traumatiske katastrofar kjem det ei tid for spøk. Slik var det etter at Tvillingtårna rasa i grus. Slik var det etter til dømes andre verdskrigen. Slik vert det venteleg også etter 22. juli. Når den tid er inne. Og for den som måtte vere i tvil…….  Hugs kven som var dei røffaste humoristane som spøkte og bearbeidde grusomheitene etter andre verdskrig. Naturlegvis var det dei som hadde størst trong for bearbeiding. Dei røffaste humoristane var naturlegvis ……. jødane! Kultur og bearbeiding er samanfløkte greier. Tida vil hjelpe til. Og utruleg nok vil det ein dag vere befriande når nokon spøker med 22. juli. Ein gong etter at sjokket og sinnet har lagt seg. Ein gong når saknet og sorga er kome meir på avstand. Då er tida inne for humor med ”lett fingertøtsj”. ”Leikebomber” – slik vi såg i Måløy – er aldri ”lett fingertøtsj”. Det er – i beste fall – toskeskap!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *