Ferja til Værlandet – time for time

Ein einsleg turist på soldekk på veg utover. Dei lokale har sett øyane i nordavind før!

Hurtigruta vart suksess minutt for minutt på TV. Eg har vore på ein heilt daglegdags ferjetur frå Askvoll til Værlandet.Ein time ut med mest øyafolk, og ein time inn att med mest turistar. Ein onsdag ettermiddag i juli.

Askvoll 1520. Alle er vel om bord fem minutt før ruta. Alle veit at det er timevis til neste avgang. Berre norske bilar om bord. Tolv i talet. Folket spreier seg ved borda oppe i salongen. Feriefolk på veg heim. Øyafolk på veg heim etter nokre dagar borte eller frå dagens gjeremål i Askvoll og Førde. Dei er i klårt fleirtal. Høglydt prat mellom borda. Om fiskeri og anna nytt. Om du er fire bord bortanfor, så er du ein av dei, og med i samtalen. Eg skil meg ut med nrk-utstyr, og vert avkravd svar på kva ein slik kar rek etter i dag. Får tips om kva eg bør vitje, og opne smil når eg fortel at i dag er det ferjeturen som interesserer meg. Berre ferjeturen.

Eg er svolten på svele, og fyl kaffipila til salongen nær kjølen. Hm. Her finn eg ingen kafé, men ein automat med sjokolade og brus. Og ein kaffiautomat! Eg oppdagar ein open fryseboks med is. Ten deg sjølv med is og legg 21 kr i låst kasse. Ingen veksel. Billettøren vekslar hundrelappen min i kurrante myntar. Is får eg manuelt, men kaffiautomaten er vrang. Eg ropar an ein kar med striper på skuldrene. Han forsvinn halvveges inn i maskinen. Han skjenkar meg eit pappkrus. Gratis, seiar han, og mumlar noko om ustabil automat. Eg tek med is og kaffi til øvre salong, og nyt den høglydte praten mellom øyafolket.

Om dei saknar kafé om bord??? ….. prøver eg meg. Men nei, dei har med niste og termos. Dei lovprisar ferja og Bulandsvegen. Berre skryt, og underforstått: ”Den som ikkje er nøgd med dette, har det for godt”. Dei klagar ikkje eingong på kaffiautomaten sjølv om det skin igjennom at han har vore i ustand lenge. Mannskapet gir oss ein kaffikopp om dei ser at vi plagast med automaten, skryt dei. Ute på soldekk sit ein einsleg turistbergensar. Han nyt nordavinden og synet av Alden.

Værlandet ferjekai. Eg har ti minutt på meg for å finne mat på kaien. Nærbutikken har alt inkludert nysteikte vaflar og tørrsteikt pizza. Matrosen ser meg om bord att, som om det er hans ansvar å få meg med inn att. Likeeins som han har omsorg for at taxien – som har vore ein svipptur på land – kjem seg inn att med same ferja.

Turen innover med 21 bilar ombord. Lite innfødde øyafolk, men arbeidsfolk på oppdrag og turistar. Bilberginga har henta ein bil og ein røyrleggar dreg ein tilhengar med utstyr. Sykkelturistar etter ein lang dag i sol og nordavind. Tyske turistfiskarar på innsig. Salongen oppe er forvandla. Alle snakkar lågmælt rundt kvar sitt bord. Isolert rundt kvar sitt bord. Ulike språk. Ulike samtalar. Overorganiserande foreldre har med spel til ungane. Ingen må kjede seg.

Eg går ned. Legg meg i bakhald ved den ustabile kaffiautomaten. Ingen utfordrar automaten. Dei kaffityrste har nok prøvd på veg ut, og veit kva dei får…… No er sjølv turistane rutinerte. Nede sit berre taxisjåføren og nokre få lokale kjentfolk i den delen av salongen som er innreidd til trimrom. Dette er ferja der du har trimrom i salongen. Ein salong utan sveler.

Eg går opp att i salongen. Det er varmt og trykkande. Mange sovnar til duren av lågmælt prat. Ein dag i vinden, og no inn i varmen. Eg kjenner døsen sjølv. Nokre få sit ute i vinden, og inhalerer dei siste draga av havluft.

Salongar og oppslagstavler er fulle av opplysningar og reklame for lokale kunstgalleri og anna turistverksemd. Øyafolket veit kvar dei må ha onglane ute. Dei lovprisar ferja si, og saknar ikkje kafé om bord. Turistane kan bruke pengane sine når dei er på land her ute. Det er sol over Alden!

Nista er oppeten. Termosen er tom. Lokal kunst reklamerer i øvre salong.

Automatmaskinisten måtte ty til gratis kaffi

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *