Bingo og basar

basar

Driftige basarkvinner dekker fleire bord i overfylt sal

Høyr kulturmeldinga på radio

Bingo og basar er kultur. Eg vil teste ut dei to sjangrane. Det er ein solfylt fredag i juli. Eg vitjar eit bortgøymt bakrom med bingo i eit av handelshusa i Førde i beste handelstid, og eg reiser på basar til Askrova grendehus i beste kaffitid.

Bingo for første gong. Eg er førstereisgut. No skal det prøvast. Bingo! Eg kjøper to ark. Kvart ark har 75 tal å halde styr på. Eg har med blyant, men får velmeint råd om å kjøpe tusj i kontrastfarge for kroner fem. Utgifter til inntekts ervervelse! Tala på storskjermen ligg litt føre bingoropa over høgtalaren. Eg er konsentrert, men vert litt forvirra av dei to informasjonane som er i uttakt. Heldigvis er eg langt unna full rekke når det er bingo i Sogndal, og eg kan slappe av. Eg kan lære meg systemet i ro og mak.

Eg forlangar fire ark i neste runde. Eg får kvalifiserte råd om at no tek eg vatn over hovudet. Eg er sta, og står på mitt. Eg får tilbod om å kjøpe eit ekstra kort, der eg skal få tala på eigen skjerm, slik at eg slepp å glytte opp på storskjermen. Eg takkar nei til ekstra kort og kuttar samstundes ut å sjå på storskjermen. Eg konsentrerer meg om å lytte og om å krysse ut. Det går bra, men korleis det ville ha gått om eg nærma meg vinnarsjanse, får eg aldri svar på….

Så prøver eg automaten. Vil kjøpe for ein hundrings, men får beskjed om at Atle Hamar og lotteritilsynet hans har bestemt at ein 20-kronar må ligge att å vente på meg i skranken. Logikken går langt over mitt ringe vit, men eg syg meg på tastane med 80 kroner på kortet. Noko vinn eg. Mest taper eg. Men verre. Eg merkar at eg kjedar meg. Dei andre rundt meg er også mest interesserte i seg sjølv og sine eigne tal. Når kontoen syner null, er eg letta. Eg finn tjuekronaren min i skranken. Eg kjøper ein kopp kaffi i papp, og har ein tiar til overs til ein sjokolade i nabokiosken. Ut i sola!

Basar på Askrova. Tur med hurtigbåt frå Florø. Nokre utflytte frå Askrova held laget. Vi finn grendahuset. Fullt ved borda. Dei må dekke meir i gangen. ”Vi gir gratis kaffi og mat, viss de er flinke og kjøpe lodd”, reklamerer dei. Og bygdefolk og tilreisande kjøper tungt. Vi skriv namn i bøker for dei gjævaste gevinstane som ligg i klassar for harpe (fiskeutstyr), spade og sengkle. Bygdefolket skriv berre førenamn. Når dei ropar ”Sverre” eller ”Lina og oldemor” veit alle kven det er. Er dei ikkje her, så kan grannane ta med. Basaren er dei framtøkne damene sin arena. Dei sel årar og ropar ut. Dei deler ut gevinstar, og hysjar på pratesjuke karar. Dei skjenkar kaffi og ber mat til borda. Her er ein intern bygdekontroll som gjer all verdas lotteritilsyn overflødig.

På bingoen sit ein isolert og konsentrert. På basaren må utroparen overdøyve praten. På bingoen i Førde er kven som får overskotet underordna sjølv om det er lokale idrettslag og korps i indre Sunnfjord. På basar på Askrova går overskotet til Grendahuset, og dei arrangerer basar fredag ettermiddag slik at dei også skal lokke kronene til turistar og heimkomne på helgetur.

Nokre fryktar – sikkert med rette – at automatane på bingoen er store bandittar for dei som er utsette for spelegalskap. Den lokale basaren med opne kjøp ved same bord som naboen opnar også lommebøkene på vidt gap. Ingen vil vere gjerrig når føremålet er det lokale grendehuset. Proffane stiller med eigne digre berenett for gevinstar. Åresalet gir mest kurrante matvarer og snop. Nokre byter juicepakkar mot chips over bordet.

Oppsummert: Ein lokal basar i godt lag rundt bord der ein vert ”rusa på rundstykke og kaffi” kan opne for større ”uforutsette” utgifter enn ein skarve bingoautomat. Men ein bingoautomat står der og dreg kvar dag …. på det bortgøymde bakromet. På Askrova er det ei heil veke til neste fredag. Då er det ny runde til same tid: Då er det den årlege bedehus-basaren!

PS: Eg er meir fortruleg med basar enn med bingo. Denne kulturmeldinga ber nok preg av det. Men tidene har forandra seg i basarverda i utkantane også, sjølv om kjærleiken til eige bygdelag og eige grendehus står ved lag. I 2011 er maten innkjøpt og laga til i fellesskap på grendehuset. Her er ingen heimebakst. Heller ikkje mellom gevinstane kunne eg få auge på heimelaga handverk. Den nye tida har også nådd Askrova, om nokon skulle lure på det! Ikkje ein brodert duk. Ikkje ein einaste strikka raggsokk.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Bingo og basar

  1. Rune Timberlid, seniorrådgjevar Lotteri- og stiftelsestilsynet sier:

    Det er lett å forstå at Hans Jakob Reite etterlyser logikken i at han berre kunne satse 80 kroner med bongen sin. Ei slik grense eksisterer nemleg ikkje.

    No skriv ikkje Hans Jakob om han spelte databingo eller elektronisk hovudspel. Dersom det var databingo, kan han kjøpe inntil fem bongar å spele med pr. spel. Her er det inga øvre grense på innsatsen.

    Men innsatsen vil avgrense seg sjølv sidan det er ei øvre grense for kor mykje du kan vinne. Ingen satsar sjølvsagt meir enn verdien på gevinsten.

    Var det elektronisk hovudspel Hans Jakob spelte, så kan han kjøpe inntil 30 bongar pr. spel. Heller ikkje her er det grense på innsats, men problemstillinga er den same som for databingo: Ingen satsar meir enn verdien på gevinsten.

    Aktiviteten i landets 225 bingohallar blir elles regulert av ei eiga forskrift. Vil du lese forskrifta, finn du den her:

    http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20041130-1528.html

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *