Kommentarer til: Bingo og basar http://blogg.nrk.no/reite/2011/07/18/bingo-og-basar/ En blogg fra NRK Tue, 14 May 2013 12:04:51 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Rune Timberlid, seniorrådgjevar Lotteri- og stiftelsestilsynet http://blogg.nrk.no/reite/2011/07/18/bingo-og-basar/#comment-770 Tue, 19 Jul 2011 10:03:04 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/?p=488#comment-770 Det er lett å forstå at Hans Jakob Reite etterlyser logikken i at han berre kunne satse 80 kroner med bongen sin. Ei slik grense eksisterer nemleg ikkje.

No skriv ikkje Hans Jakob om han spelte databingo eller elektronisk hovudspel. Dersom det var databingo, kan han kjøpe inntil fem bongar å spele med pr. spel. Her er det inga øvre grense på innsatsen.

Men innsatsen vil avgrense seg sjølv sidan det er ei øvre grense for kor mykje du kan vinne. Ingen satsar sjølvsagt meir enn verdien på gevinsten.

Var det elektronisk hovudspel Hans Jakob spelte, så kan han kjøpe inntil 30 bongar pr. spel. Heller ikkje her er det grense på innsats, men problemstillinga er den same som for databingo: Ingen satsar meir enn verdien på gevinsten.

Aktiviteten i landets 225 bingohallar blir elles regulert av ei eiga forskrift. Vil du lese forskrifta, finn du den her:

http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20041130-1528.html

]]>