Heit ”elskhug”, men ”eksisen” vart i lengste laget

Neste bilde         «Frisør Øyebakken» med familie

Sjå bilete frå lystspelet   Høyr radioinnslaget

I eit flott steinamfi på den gamle eksisplassen på Nordfjordeid spelar dei historisk lystspel annankvart år. ”Elskhug og Eksis” av Tor Karseth vart i helga sett opp for fjerde gong. Eit utespel herleg fritt for vikingar. Dette er historia om Eid som militærplass og striden omkring unionsoppløysinga med Sverige.

Gode amatørkrefter på Eid vert spissa med proffar og alle gjer ein heiderleg innsats. Feiande musikk og god song. Det er tydeleg at amatørteaterkreftene i operabygda har fått eit oppsving.

Gode tidsbilete og flott typespel er styrken til stykket sett frå teatersynstad. Her finn du vaskekjerringar, hestekarar og lakselordar side om side med militærfolk og bønder i flotte kostymer. Teksten er spekka med fornøyelege Nordfjorduttrykk, og mykje av språket ligg ledig og nær opp til Nordfjorddialekten.

Elling og Rune: I ei oppsetting med langt over hundre aktørar kan det vere urettferdig å trekke fram enkeltpersonar. Eg gjer det likevel. Elling Sølvberg kjem særs godt frå rolla som felespelande frisør Valdemar Øyebakken. Han er truverdig, variert og ledig. Bravo! Hakk i hel vil eg peike på Rune Balsnes som Sjur Sersjant. Han spelar variert og komisk. 

Margit Grytnes Dullaert er regissør. Ho har lagt vekt på rørsler og dans, og om ikkje alt er like perfekt som ”militær presisjon”, så gir det framsyninga liv og speleglede. Men så er det kuttekniven då: Å køyre ein einaktar på over to timar er modig, men framsyninga ville tent på å vorte «stramma inn» litt. Altfor ofte misser forteljinga framdrift fordi samanhengar vert ”overforklarte”. Dette kjem nok også av at sjølve ”dramaet” (les teksten) er i tynnaste laget. Dette vert på ein måte den prisen som ein betalar for at tidsbileta og typane vert måla ut ”på kostnad” av sjølve dramaet. 

Fornying av spelet med fleire viser. Spelet er i år forlenga, og det er fleire songar og viser enn før. Dette er underhaldande, men det går ut over lengde og framdrift. At lokale spel vert fornya er opplagt ein styrke, og tener arrangørane til ære. Men då må ein også tore å kutte, og det kan vere lurt å leite fram klårare spenningsforhold i teksten. No vert det kanskje litt for ”koseleg” – sjølv for eit lystspel.

Eid er ein av dei leiande kulturkommunane i fylket. Dei løftar fram operasatsing og historisk utespel. Om ein månads tid er det Malakov Rockefestival! Samla er dette imponerande. «Elskhug og Eksis» annakvart år synest å vere ein passe frekvens for å gi publikum ei lokal teateroppleving i uteamfiet, og dei gir samstundes arrangements- og scenetrening til mange born og unge. Etter siste framsyning søndag fekk eldsjela Agnar Kragseth velfortente blomar og skulderklapp. Han er ei av desse naudsynte eldsjelene som er limet i slike arrangement. Vel blåst! 

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *