«Florø by – stolt og kry»

 

Florøjenta Oda Alisøy som Sunniva i Kinnaspelet

 
«Florø by – stolt og kry». Slik heiter det på Florøvis i den nyaste bysongen. I helga arrangerte dei «Himmel og hav» – ein mix av Sildebord, Laksens dag, Kinnaspel, Båtmesse og Musikkfest. Arrangørane ville satse meir samordna og slagkraftig. Faren var at enkelte arrangement kunne kome i skuggen. Konklusjonen min er krystallklar; Dette vart suksess for «himmel og hav». Dette vart suksess for alle enkelarrangørane. Alle vart vinnarar!
 
Sildebordet fredag starta i regn. Likevel kom folk i stim. Dei kler seg og trivast og lepjar i seg spannevis med sild av alle slag, og det for full musikk – eller rettare – til fin levande musikk frå scenen. Sikkert langt frå publikumsrekord, men ein fornemmar fort at Florøfolk likar kvarande og dei likar å få besøk. Sildebordet er ein plass å trivast. Fylkesmannen preika og ordføraren kåra Atle Hollevik til sildekonge og knytte det til byhistorie. Veteranbåtgjengen rundt «Atløy» vart også dekorerte og premierte. Byhistorie og identitet vert dyrka nesten til det religiøse, men ikkje overspelt. Å ete sild er som ein sakrament i Florø – ei «heilag» handling! Og viktigast i all denne «sjølvnytinga»: Tilreisande kjenner seg inkluderte og velkomne! Rett og slett kjekt! Nytt akvarium vart opna i helga. Ein liten, men opplysande attraksjon midt i Strandgata.
 
Laksens dag laurdag var ein nyskaping. Kokkekampar der ungdom, humoristar og ordførar(kandidatar) skiftest om å lage mirakkels, konkurrere og samarbeide. Fint leia av ein hjortemann frå Svanøy og med superkokken Ole Jonny Eikefjord – som sleit veldig med å «innrømme» at han var frå Førde – som sjefsdommar. Underhaldande og opplysande. Gode lakserettar til ein femtilapp!
 
Båtmessa vart sponsa med gratis inngangsbillettar, og dette førte nok til at godt over 2000 var inne på messa som hadde over 50 utstillarar. Dette var ei rein salsmesse med bittelitt attåt. Såg ut til å funke godt for dei båtfrelste.
 
Musikkfesten gav variert musikk frå scena i Standgata og inne på meir lukka arrangement fredag og laurdag. Dei skapte liv og trivsel under Sildebordet, og programmet frå scena på laurdag føremiddag gav fin stemning i byen – også for dei som ikkje var superinteressert i Laks eller Båt. Rett og slett ein triveleg treffstad.
 
Kinnaspelet er den dyraste moroa i Himmel og Hav. Båttransport og teaterbillett summerer seg til 450 kr for fullprisbillett. Men på Kinn hadde arrangørane lagt seg i selen i år, dei drog 2200 publikumarar! Gode rabattordningar, fleire aktivitetar ute på Kinn og samarbeid med Barnas Turlag drog fleire til Kinn og Kinnaspelet. Ei betre køordning på heimtransporten førte til smidig avvikling der folk kunne få seg mat, gå på do eller sjå kunstutstilling nær kaia utan å vere redde for å misse plassen sin i båtkøen. Folk kunne vandre rundt medan dei venta. Dei slapp å stå stille i trekken på moloen. Aktivitetar for barn og historisk vandring rundt øya saman med ein kunnskapsrik og underhaldande guide Kristian Jansen – var mellom dei nye aktivitetane. Lurt og kjekt.
 
Sjølve Kinnespelet skal eg ikkje seie så mykje om. Florøjenta Oda Alisøy – som Borni og Sunniva – kom vel frå «jomfruturen» sin. Språkføringa i stykket har vorte ledigare med åra – og takk for det. Stykket har driv og tempo, så det er tydeleg at regissør Bodil Kvamme har godt grep om Kinnaspelet. Speleplassen er utsøkt og Rolf Losnegård sitt drama står seg for nye generasjonar. Kort sagt: Kinnaspelet er den soleklare einaren av utespela i fylket.    
 
Himmel og hav! Ei suksesshelg i Florø. Eg ventar spent på om Florøfolket med gjester stiller like godt opp på neste fest – Fotball-Flora om tre små veker. Dette vart skrekkeleg mykje skryt. Vel fortent – meiner eg! Eg vert spekkulerande litt på …. er her ikkje eit einaste forbetringspunkt??? Jau, sikkert mange, men i dag synest eg det er viktigast å skryte av proffe arrangørar som torer å ta nye grep.
 
PS: Amfi på kokkekampen? Jau, kanskje eg kan finne eit bittelite forbetringspunkt som kan nemnast. I kokkekamp og matlaging er det ofte vondt å sjå skikkeleg. Så også på Laksens dag. Viss ein får arrangert dette som amfi (eller på storskjerm!), vil fleire kunne sjå bordet og det som føregår der. Jada, jada – eg veit det – dette siste PS-et var pirk i eit prikkfritt arrangement! Himmel og Hav!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til «Florø by – stolt og kry»

  1. Nordfjording sier:

    Jeg tok en rask kikk gjennom alle kulturanmeldingane til Hans Jacob Reite (mannen med stemma som passar best på papir) og det som slo meg var at karen sannsynligvis ikkje har tilgang til kart over Nordfjord, eller kanskje lever han i trua på at alt av kultur foregår i Sogn og Sunnfjord ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *