Kvassare «På Sverdeggja»

Idun Losnegård spelar kystkvinne med fynd og klem

Sjå bilde frå Dragseidspelet  Høyr radioklippet

For 10. gong set Stadlandet Ungdomslag opp Dragseidspelet ”På Sverdeggja” av – og regissert av – Rolf Losnegård. Sjangeren er historisk utespel. Meir spesifikt: Eit av desse utespela med Rolf Losnegård som far og Kinnaspelet som mor. 

Spelet handlar om når kong Olav Trygvason kristna fire fylket frå Sogn til Romsdalen på Dragseidet i 997. Det handlar også om den lokale høvdingen Ragnvald frå Ervik, kona hans Sigrid og sonen Gunnar – og deira personlege drama i familien. Rolla til Sigrid er bygd ut i år, og Idun Losnegård spelar denne kystkvinna med kraft og presisjon. Dette grepet gjer at stykket går i retninga familiedrama og litt bort frå den historiske hendinga på Dragseidet. Det er fyrste gong det er med tre proffe skodespelarar i Dragseidspelet. Roger Hilleren spelar Ragnvald og Mikkel Gaup spelar sonen Gunnar.

Det er fin flyt, sjølv om suffløren må «jobbe på» i enkelte parti. Her er også litt tendensar til ”historisk overspel” i nynorsk frå ”Det GNorske TeateRRR». Men dette vert mjuka opp av enkelte karakterar som står fram på sitt kvardagslege og truverdige vis. Ein som påstår å representere det vesle Fjalafylket på tinget er ei slik herleg oppmjuking.

Stykket er fengande, men på same tid litt stilleståande scenisk. Historia vert godt fortalt, og særleg i familiedramaet svingar det. Kampscener og strid gir også klåre og gode bilete. Men av og til vert det «for mykje folk ståande rett opp og ned», og vi får eit slags ”forteljarteater” sjølv om det er ei røys av folk på scenen.

Likevel oppsummert: Her er kristning med kongesverd og indre strid mellom småfylka – då som no -(!). Her er folk i strid med seg sjølv. Her er anger og humor. Her er kjærleik, hat og forsoning. Her er gode skodespelarprestasjonar frå proffar og amatørar. Her er kraft i formidlinga og god lyd. Stemningsfull musikk leia av Bjørn Jensen.  

Fleire proffar og heider til dei trufaste. Alt i alt er dette ei framsyning eit høveleg hakk over middels, og det kjem av to faktorar. For det første: Dragseidspelet torer å profesjonalisere. Idun som den tredje proffe skodespelaren er suksess. For det andre: Dragseidspelet torer samstundes å framheve dei trugne dugnadsfolka. Derfor måtte dei proffe skodisane stå å sjå på medan 12 trufaste personar vart trekte fram – ein etter ein – etter premieren. Det var dei 12 lokale ”eidsvorne” kvinner og menn som har teke tak i alle dei 10 oppsettingane. Sjølvtrygge ”stassingar” heidrar sine eigne samstundes som dei kjøper inn fleire proffar. Eg trur det er ein god kombinasjon!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *