Kommentarer til: Bygdefest – King Size! http://blogg.nrk.no/reite/2011/06/05/bygdefest-%e2%80%93-king-size/ En blogg fra NRK Tue, 14 May 2013 12:04:51 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: sogndalstudent http://blogg.nrk.no/reite/2011/06/05/bygdefest-%e2%80%93-king-size/#comment-464 Thu, 09 Jun 2011 16:10:26 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/?p=416#comment-464 Eg må seie meg einig i mykje at det du skriv. Men eg vil få inn eit litt anna perspektiv på det du beskriv som «folk som vil vise seg fram».

Hadde det ikkje vore for bedrifter som gjekk inn med kapital ville ikkje denne kvelden vore noko av. Dei har kome inn med fleire hundre tusen slik eg har forstått det. Det er ein fundamental del av heile sommarfesten. Det at dei kan få sin eigen bar, matstasjon og toalett synest eg er heilt topp. Dette kan gjere at bedriftene kan gje sine ansatte ein litt anna logistikk på festivalen. At ein skal dra dette over til noko negativt er jo veldig typisk det å vere frå bygda. Janteloven står sterkt her hos oss.
Eg vil heller rette ei takk til alle dei bedrifter som har brukt tid og penger på å få til dette fantastiske arrangementet for sjuande år på rad. Det er sjølvsagt rom for forbetringar etter årets arrangement.
Det har etter kvart år vore kritikarar ute å blåst i sine gylne trompetar. Blir spanande å sjå kva forbetringar arrangørane gjer til neste år, og kva vi då vil ha annleis.

]]>