Surround – showkor med større potensiale

                                                                          Bandet «Motown» stal showet!

Sjå bilete frå showet   Høyr radiomeldinga

I Førdehuset tysdagskvelden tok showkoret Surround frå indre Sunnfjord oss med på framsyninga ”SOMETHING DIFFERENT”. Denne nyskapningen av eit kor debuterte i desember. Eg høyrde også juleframsyninga, og hadde forventningar om at eit halvår til i øvingslokale skulle gi publikum eit strammare show. Men det vart eit lite hakk ned.

Først: Det er framifrå at nokon torer å starte ein ny sjanger. Torer å kalle seg eit showkor i det trauste Sunnfjord, og torer å skrive ”The sky is the limit” i invitasjonen. Men himmelhøge ambisjonar forpliktar.

Koret har krympa frå eit blandakor før jul til eit damekor av 12-15 damer inkludert gjestesolistar. Songleg har koret meir å gå på – enkelte pasasjar let småsurt – og det for meg som ikkje har dei mest finstillte ”trommehinnene”. Songleg fungerte solistane jamt over lang betre enn koret. Musikkutvalet var dei kjende og kjære – i ulike sjangrar frå musikal til gospel. – og langt vidare enn det. God breidde og drivande melodiar til å verte glad av. Livets sirkel. Livsglede.

Men show er show, og då er det lov å krevje meir flyt. Eg ser at koret reklamerer med ”uformell regi”, men dette vart ikkje berre ”uformelt” – det vart oppstykka. Tida med lange ”teppepausar” burde vere forbi, og lange overforklarande programleiarmonologar er neppe nyskapande. Skal det verte showkor, så må tempo i skifta opp, og ein regissør utanfrå vil kunne bruke det glimrande bandet til å skru saman framsyninga.

For showkoret held seg med eit eminent band. Bandet ”Motown” hadde sin debut tysdagskvelden, og det var susandes. Dei beherskar alle sjangrar, og briljerer i jazzsjangeren. Sett på den yttarste spissen vil eg seie at «damekoret» vart redda av «gutta i bandet»!

No skal eg passe meg for å dømme koret for hardt. Livsglede, dans og sprut i formidlinga kan mange andre kor lære av. Koret har guts nok til å tore å utfordre publikum til dans på golvet. Uvant, ja vel, men modig og flott å engasjere – også bokstavleg tala. Fargerike kostyme og enkel, flott scenografi dreg opp. Like eins showlyset. Ja, vi ville ha – og vi fekk – ein korkonsert som var ”something different”.

Oppsummert: Eg gled meg til neste show. Nyskapningen ”Surround” må få tid på seg for å skape eit annleis koruttrykk enn vi er vane med. Korsongen må drillast, og showet treng regi som gir flyt. Og framfor alt: Hald fast på samarbeidet med showbandet ”Motown”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *