Vel gjennomført Balejazz – utan pass

"Side brok" kunne fått eit yngre publikum

Høyr radiomeldinga   Sjå bilete frå Balejazz    Høyr Julie Hjetland 

Tradisjonell oppskrift på Balejazz. Variert program der publikumsvinnarane ligg utanfor jazzmenyen. Kari Bremnes og Sigvart Dagsland fylte Kviknesalen kvar sin ettermiddag. Festivalutstillar var Knut Bry med sine dokumentasjonsfoto av Balestrand er på det jamne. Ein reklamefotograf som tek bilete litt i ”glattaste” laget. Bok kjem seinare i sommar. På Skald.

Avviklinga av Balejazz syner eit velsmurt apparat med hotelldirektør Sigurd Kvikne i spiss. Ein liten kompakt festival rundt det erverdige turisthotellet ved Sognefjorden. Balestrendingane er eit rutinert vertskap der det er lett å kjenne seg velkommen.

Av jazzen kan det vere vanskeleg å trekke fram noko enkelt høgdepunkt. Variasjonen og kvaliteten er god. Og der det vert små endringar i programmet, så fyller den rutinerte arrangøren i av det som måtte finnast av jazzutøvarar i bygda denne helga – og det er ikkje lite! Likevel: La meg stoppe ved tre jazzarrangement. Arve Henriksen sitt Ellivan-prosjekt (med dikt av Elling Vanberg frå Olden) var susandes i tekst, takt og tone, og så gjekk det to klubbkonsertar på Bøyum Pensjonat med The Real Thing og Mambo Companeros. Stinn brakke. Kameralinsene dogga, så eg knapt fekk ta bilde. Der var det jaggu jazz!

Velsmurt, men likevel får ein eit lite ank i seg. Vert publikum eldre år for år? Er dette jazzfestivalen berre for dei velfødde som har lommebok og matlyst i tillegg til interessa for jazz? Her er ikkje festivalpass å kjøpe, så den som vil svelgje mykje av konsertmenyen må ha romsleg kredittkort – eller pressekort ……(!) Tydelegast såg eg dette fredagskvelden, då besøket på klubbkonsertane var varierande, medan det var ”trøkk” i den jazzfrie ”vandrehallen” på Kviknes!

Når det gjeld ungdomssatsinga så er ”unge talent” viktig, men vel så viktig er det å ha ein spissa ungdomskonsert. Eg undrast over at ”Side brok” – som drog det yngste publikumet – vart plassert på Natthuset på hotellet som klubbkonsert med 18-årsgrense. Kvifor ikkje køyre dei ølfritt i Bygdahuset som likevel stod tomt denne helga? Det ville vore eit reelt ungdomstilbod! Kviknesalen på hotellet hevar Balejazz fleire hakk, men Bygdahuset kan vel framleis brukast til dømes for å gi Balejazz-opplevingar til eit yngre publikum. Natthuset er eit konsert/klubblokale som har feite tradisjonar i Balestrand, men det er så krøbelt at det berre gir innsyn på scenen til ni – 9 – av publikum – i år fintalde eg!

Eg kjenner også på at det var litt glisnare på gratisutekonserten på plenen framfor Kviknes denne laurdagsføremiddagen, og dette kan ikkje skuldast høg pris! Ja vel, var sola litt bak skyene i starten, men det festar inntrykket om at publikum i år var litt færre og litt eldre.

Eg er sikker på at den proffe arrangøren tenkjer på desse utfordringane heile tida. Eit arrangement som har vore årvisst i over tjue år toler – og må tole – variasjonar. Eg saknar festivalpass og trur på eit spissa arrangement mot den yngste ungdomen. Balejazz lever i beste velgåande, men dette var kanskje ikkje toppåret?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *