Breimstafett i skuggen av seg sjølv i solskinet

Høyr radiomeldinga – Sjå biletserie – Høyr på prat med to veteranar

Breimstafetten søndag. Solskin, møkalukt og stort pokalbord. Proft og rutinert arrangert i dugnadsbygda Breim. Med hornmusikk og kioskmat. Mange klasser til start, men eg er litt rådvill når det gjeld kva klasse eg skal melde dette kulturarrangementet i.

Alternativ «sjanger» A: Dette kommunale barne- og ungdomsarrangementet er storarta. Ein ekstra spiss på arrangementet er det at gode grannar stiller på, og at senior og veteranlag vil vise at det ikkje berre er borna som er våryre! Hm! Smakar ikkje heilt godt!

Alternativ «sjanger» B: Vi har å gjere med ein tradisjon og med ein arrangør som slår opp starten i mellomkrigstida og at det er 73. gong. Det vert delt ut Breimstafettmedalje og det vert defilert til den store innmarsgullmedalje. Med ei slik ramme stig forventningane.

Folket elskar stafett. Dramatikk. Denne lagsporten som til dei grader syner fram individet. Kvar var du når Tarjei Bø traff, eller når Oddvar Brå braut ……Eg bryt attende til Breim: Vi høyrer ekkoet av landsdeltaking, 5000 publikumarar (5000 i øydemarka er nesten bibelsk), fest på kvelden, stafettrevy og stengd riksveg. Det er i slik samanheng at ramma til Breimsstafetten vert eit nesten tomt skal. Sorry!

La gå at ungane spring for livet, og at enkeltetappar har ein viss appell. Men i hovudklassane damer og herrar er det tynt. Alle damelag frå Gloppen. I herreklassen har jølstringane stillt lag. Takk og lov at dette einaste grannelaget vinn og forsvinn med vandrepokalen. Sjølv om speaker gir oss oppdatering og passeringar undervegs, så tek eg meg i å kjede meg. (Fy skam deg, Hans Jakob, du hadde ikkje greidd ei halv langside i det tempoet!)

Men kvar er spenninga? I dette arrangementet finn eg den i to moment: ”Kraftprøva” er ein individuell sprint først nokre få meter flatt før ein skal klyve opp ein stupbratt grasbakke. Lita deltaking – ja vel, men eit drama det er lett å fylgje med på! Og så er det dei aller minste. Her lyser det maks innsats. Flottis…. sjølv om nokre må betale med tryning og tårer.

Breimstafetten er i ein merkeleg spagat der ”driven” i dei yngste klassane funkar, men der ”historia og historiene” vert ståande i vegen for den skrantande deltakinga i seniorklassane. Breimstafetten har gode arrangørar. Det ligg ikkje der. Men for meg ser det ut som om det ikkje er kamp om plassane på laga! Då er nerven borte. Så brutalt er det!

Då vel folket andre arrangement. No til dags dreg andre stemne med individuelle utfordringar oppoverbakke meir deltaking. Det vil nok syne seg når ”Eggenipa opp” nokre kilometer frå Breim stadion går av stabelen søndag 31. juli.

Trendar skiftar, og ein skal ikkje klamre seg til gamle motar for lenge. Kva med å la fokus for Breimsstafetten verte jente- , gute- og juniorklassane? Kutt senior og veteran! Modellen kan stelast frå Norway Cup. Då kan ein på ny oppnå nasjonal deltaking, og kven veit …. Kanskje vert det igjen ”fest på kvelden” på Breimstafetten?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *