Variert Helena-show med fokuserte førkjer

Høyr radiomeldinga   Sjå bilde frå framsyninga  Høyr frå nummeret «Kattejammer»

”Helena og Førkjene” – ein komisk korkabaret står det i programmet. Eg var på première på Hafslo heimebane i Bremerfjøsen på langfredag. Gjennomgangsmelodien var kvinneliv, og det vart naturleg nok ein del ”lidingssoge” på ein langfredag, men takk og lov – langt meir enn det.

Den store styrken til showet er allsidigheita og variasjonen i form og innhald. Helena køyrer sin styrke med utstafferte typar der det haglar med laustenner, hengebriller og overstadig mimikk. Men ho har plukka med seg syster og storsongar Gro Grimsbø. Songarane Constanse Herland og Anne Margrethe Grepstad er også gode. Vidare spelar Torunn Vindheim gode typar i sketsj og Hege Farsund Solheim leverer drivande monologspel. Musikarane Marie Dooreen Thune og Agnar Gjelsvik er solide.  Oppsummert: Dette er ikkje noko Helena Bremer sololøp. Alle førkjene får gjere det dei er best til. Det er smidige skift og fin flyt utan premièrenøling. Dei leverer ein einaktar på ein time og tjue i fint tempo.

Å kalle det ein korkabaret er eg tvilande til, då det meir er ein miks av revyformer. Helena har og ein del stand up inspirerte utfall mot publikum, og systrene Helena og Gro tillet seg også å verte ”private systrer” på scenen. Å gå ut av rollane slik er ein farleg sport og eg synest det haltar litt her. Men bevares: Publikum storkosar seg!

I innhaldet er eg imponert over variasjonen. Frå utstaferte og overspelte typar du neppe finn på Hafslo til hylling av kvinnelivet på garden i gamal tid, frå lysteleg ”Kattejammer” til kvinnemishandling. Her gjekk det frå knappenålstille til stormande applaus. Det er pokker så krevjande!

Men alt er ikkje like bra i dette showet heller. Tekstane til Helena og Gro varierer i kvalitet. Frå dei særs gode til det platte og uferdige. At middelmådige poeng vert repeterte gjer ikkje den delen betre. Eg vil og nemne at to-tre songtekstar hadde andre forfattarar utan at det vart opplyst i programmet. Lyden er god, men det er lagt lite og inkje ressursar i lyssetjing og scenografi. Her er rom for forbetringar.

Vi har få frie turnérande teatergrupper i dette fylket. Her skal det turnérast på ymse heimebaner i starten, men ”Helena og Førkjene” er tøffe nok til å gå på scenen i Bergen til helga. Slikt krev mot. Det tener dei til ære!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *