Stand up – forbanna Førdiana!

Jesper Edvardsen er ein tøffing. Han utfordra førdianarane på Førde Hotell påskeafta med stand up showet «Forbanna Førdiana». Førti frammøtte. Den utflytte Naustedølen starta mjukt og sentimentalt. Barndom i Naustdal med laurdagshandel i «metropolen» Førde. Her låg verda open med softis og «pommfritt». Men også trusselen frå nokre «forbanna Førdianara». Vi kjenner oss att i bodskapen. Kjem du frå ein liten plass, så er ein felles fiende viktig.

Jesper utstrålar varme i formidlinga, og saman med kompisen Torfinn Litlere på gitar dreg dei med eit publikum som ikkje klappar i utrengsmål – i starten. Men det kjem seg med promillen. Promillen  i publikum er ein drepande faktor for all stand up. Er du god nok til å halde publikum borte fra pissoaret? Vel. Vel. Her gav Jesper pissepause mot slutten av det fem kvarter lange showet. Jesper hadde tent på å køyrt på, og takka for seg i høveleg tid før timen var gått. Ein gamaldags skuletime varer i tre kvarter, og det å tru at blæresprengen kan tolmast lengre er i beste fall optimistisk.

Sekvensen om fotball vart på det jamne – eller kanskje rettare – på det ujamne. Det svinga meir når tematet vart bil og råning. Soga om talet på Cabrioléar i regnholet Førde var lysteleg. Her treff han nerven på korleis «forbanna Førdianara» likar å vise seg fram.

Eg likte også anslaget til Jesper når han tok for seg det «fisefine korslaget» på TV. Han la opp til det meir utagerande «horslaget», men trekte seg før det heile kom skikkeleg i gang.

Av parodiane likte eg Håkon Haugsbø i «Brennpunkt» – samt Kongen og Alex Rosen, medan ein del andre kom på lågare hylle. Eit stemningsfullt  nummer om solnedgangen på kysten mumla publikum bort i pils. Men publikum storkosa seg når Jesper raljerte med dei 10 boda som gjeld for ein god Sunnfjording. Det fyrste bodet er at ein Sunnfjording har sinnssjukt god tid. Den utflytte Sunnfjordingen Jesper synte oss røtene sine hjå dei han ville raljere med: Fem kvarter i Stand up i beste sjenketid er jaggu å ta seg tid!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *