Balestrand i ”Fyr og Flamme”

Høyr kulturmeldinga her Høyr sluttsongen her Høyr publikumsreaksjonar her

Revyhelg i Balestrand. Eg var på première fredag for fulle hus. På mange måtar ein typisk bygderevy på det jamne, men det er alltid noko som skil seg ut. I Balestrand er revyen ei mønstring, som har ein heilt annan sjanger enn til dømes ”meggene” i Dale (Fjaler) som spelar med eit lite fast ensemble.

I Baletrand er revyen eit stort integrasjonsprosjekt der over 25 aktørar står på scenen, og der sju nasjonar er representert. Revyen speglar turistbygda også på denne måten. Her er aldersspenn frå tannfelling til tannfelling. Alle får sjansen. Ein slik revy er dømd til å verte litt ujamn, men står likevel sikkert i sin sjanger. Scenesjarm og speleglede er varemerke.

Sjå bilete frå Balestrandrevyen

Her held ein ap med reiselivsmuseum og nedleggingstrua servicetilbod. Då må det rasjonaliserast, og passasjen om ”Nav i butikk” var ein knallgod parodi. Her vert gamle farskapssaker løyste mellom ”sukker og kanel” medan den fjerne NAV-konsulenten er meir til og frå ettersom nettet gjekk opp og ned. Nummeret om ”Fransk på Fundo” var også i toppklasse. Godlynt moro med naboane i industrikommunen Høyanger er god revy. Godt typespel av Eli-Grete Høyvik drog opp.  

Elles: God dans, stø song og lokal entusiasme. Kanskje ikkje med dei aller skarpaste poenga, og det kan litt for ofte tippe over i einsidig hylling. Hylling av Balestrand – naturleg nok. Og i Balestrand hyller dei også naboane, så dei avgåande superveteranane; fylkesmann Flete, fylkesordførar Sandal og Høyangerordførar Kjartan Longva – sitat – ”Kven skal redde verda no – kven skal fylle deira sko?”

Revyen set også fingeren på ”Facebook-samfunnet” vårt, om det leve ”på direkten” og ikkje berre på skjermen. Ein kjærleikssong med ”maskespel” var eit fint grep. Balestrand revyen må også få pluss for fleire flotte dyrekostyme, enkel og funksjonell scene, for det meste fin flyt, og til og med flammeeffektar på scenen.

Alt i alt ein variert revy, der styrken er den store involveringa i lokalsamfunnet. Det nyttar ikkje å leve livet berre på skjerm i Balestrand. Der kjem dei saman på tvers og lagar underhaldning for resten av bygda over ein scenekant på direkten. Her handlar det om ”Desse fjella, denne fjorden, dette lyset og menneska som her bur”.

Og heilt til slutt: Eg ser enno glimtet i augo på den aller yngste jenta som eig heile scenekanten: Det lyser ut at ho gjer noko viktig!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *