Set pris på glødande aksjonistar!

Mot slutten av året skal alt oppsummerast og kårast. Eg skodar mot stjerna i toppen, og undrast på kven som er ”årets aksjonist” i annaleisfylket. Vi som har dilla på skinande identitet og omdømebygging. Glødande eldsjeler er truleg vårt fremste kjenneteikn på den ”Sogn og Fjordanske” seigheita. Fjordafolket er kanskje ikkje så spennstige, men vi er uthaldande og utruleg seige!

Først til føde-aksjonistane i Lærdal. Svikta av sin eigen ordførar og av sjølvaste Sogn Regionråd. Det er då dei fleskar til med fleire tusen underskrifter for sognefødslar sjølv etter at Klara i Helse Førde – styreleiar og sogning – har svinga sparekniven over fødesengene i Sogn for siste gong. Tenk på tusenvis underskrifter i ein situasjon med berre ein heimefødsel i månaden på Lærdal sjukehus. Kan ein legge ned ei nedlagt fødestove, undrast eg, og gir føde-aksjonistane i Lærdal tapperheitsmedaljen for heltemodig innsats for tapte saker.

Så til Simon, eller rettare sagt Florøaksjonen som sikra flyktningen frå Eritrea tilbaketur frå Italia, kyrkjeasyl, julefeiring i Flora – med barne-Kjippen og byjubileum på kjøpet. Guten med det bibelske namnet Simon vart adoptert av ein heil by, når den norske stat hadde det trangt om plassen i herbyrget. Så spørst det om den statlege ”Herodes” skal statuere eit eksempel om makt. Kanskje vil det føre til ny flukt til framandt land, slik som vi fekk fortalt om i juleevangeliet på søndagsskulen. Florøaksjonen for Simon flyktning får æreprisen for å gjere julebodskapen levande midt i all vår materialistiske julehandel.

Men den største aktivistprisen – ein retteleg sigerspris – må gå til brubyggarane over Dalsfjorden, ……som heretter skal sleppe å gå på vatnet. Brua er sjølve symbolet for samhandling og fred. Dalsfjordaksjonistane starta tidleg i det forrige årtusen, og ikkje berre greidde dei å sikre seg brua. Like stor prestasjon må det ha vore å få fylkestinget til å reise seg nesten samrøystes. Det vitnar om uthaldenheit og potens, når aksjonistane fekk oppleve felles reisning på julemøtet i fylkestinget til lovsong og hallelujarop frå heile englekoret.

Eg undrast på om dei fødande i Indre Sogn endeleg har lært seg korleis det går når julekrybba er tom? Eg undrast på kva lekse Simon og far hans kjem til å lære om utlendingsdirektoratet og den norske overfloda?

Men eg lurer ikkje på kva som er største aksjonistunderet i fylket vårt i år, det må vere stjernebrua over Dalsfjorden. Så står det att å sjå om det vil reise fleire folk over Dalsfjordbrua enn det er gravide kvinner i Indre Sogn!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *