"Typisk" Fjørarevy

Fjørarevyen i Sogndal starta framsyningane i helga. Eg såg siste framsyning på laurdagskvelden. Eit lite ensemble med seks gode skodespelarar og eit glimrande band.

Denne bloggen legg grunnlaget for radiopraten på måndag 21. desember. Høyr innslaget på fjorarevyen

Lokalrevy i eigen Fjøra-stil. Etter måten mange videoar med sin vri på livet i Indre Sogn; alt frå tunnelvask, snøbrøyting på ferja, feberoppvarming som svar på klimakrisa og til ei frekkare utgåve av isbilen. Videoane var litt strammare i år enn i fjor.

Scenen i år er ein lurvete campingplass, med dei rølpete typane som høyrer til der. Typespelet er styrken til Fjørarevyen. Glitrande typespel dekker over at teksttilfanget av og til er i tynnaste laget. Skodespelar Rasmus Mo er eminent når han tolkar rollar …. alt frå ein rufsete Høyangermann …. til ein nesten like rufsete fotballtrenar Emberland i Sogndal Fotball. Kosteleg!

Mange av typane i Fjørarevyen er kraftig overspela, og dei kan verte litt repeterande. Litt same sporet. Variasjonen i stoffet kunne vore større. Men parforhold og kjønnshumor ser ut til å selje godt til publikum. Eg likte godt dei glade jakt-enkene til melodival frå Vassendgutane si ”hjortejakt”.

Men lokale saker som Luster bad, journalistane i Sogn Avis og Idol-Tone får også sitt, slik det skal vere. Fjørarevyen legg meir vekt på generelt typespel, enn på å male ut hendingar frå siste året. Likevel fekk dei inn velretta spark til kommunen sin prioritering av SIL Fotball framfor eigen fotballklubb – Fjøra.

Ein annan styrke med revyen er gode melodival og god revysong. Med smittande speleglede dreg dei med seg sitt trufaste publikum. Og dei synte også sjølvironi ved å sleppe bandet til med ein song som har eit skråblikk på eigen revy.

Oppsummert; Eg vonar at Fjørarevyen dyrkar styrkane sine på det musikalske området og det gode typespelet. Men regien kunne vore stramma inn…. av og til halar dei poenga ut i lengste laget.Og på tekstarbeidet kunne ein med fordel ha luka ut dei plattaste poenga. Sjølv eit feststemt publikum med blærespreg toler litt meir djupne i ein del av innhaldet, noko som vil ville kunne gje større variasjon.

Dette vil publikum fortene, og ikkje minst ville dei dyktige skodespelarane få enno meir å spele på. Fjørarevyen treff tvillaust ein lokal nerve i Sogndal. Sogndal som er prega av studentkultur og importerte ting på kulturhuset.

Det gjekk rykte om at framsyningane i romjula var utselde, så spørsmålet er om det revystemte heimepublikumet får seg ei ekstraframsyning til glede……

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til "Typisk" Fjørarevy

  1. sogning sier:

    Ikkje så raffinert den humoren til desse karane. Er i overkant mykje tiss, promt og rompe frå Mo & co

  2. Hans Jakob Reite sier:

    Det er litt av det eg er inne på om tekstarbeid og luking av platte poeng. Men du verda for nokre typespelarar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *