Faner og flagg i fylket vårt

Det ligg kraft i å heise felles flagg. Det gamle flagget i fylkesbåtane vart fira, og debatten tok av. Er slike debattar viktige, eller er det berre ein gjeng særingar som greier å dra i gang eit hylekor på internett? La oss sjå litt på kommuneflagga. Er symbola på kommunevimpelen viktig for deg? Betyr kommunesymbolet noko for identiteten vår og omdømet vårt …ja, for korleis vi ynskjer å framstå?

Kommunevåpena har stort sett vorte fødde i fred og fordragelegheit, men i Hornindal tok debatten heilt av då folkemusikken og fela tapte for ljåblada og handverkstradisjonane. I Askvoll har vi eit klårt døme på at innbyggarane gir blaffen i kommunevåpenet sitt. Dei flaggar med Krossen i Korssund den dag i dag, sjølv om det er nesten 20 år sidan Korssund og bygdelaga i kring flagga ut til naboen Fjaler. Godt naboskap er greit, men dette liknar meir på å bruke svenskeflagget!

Dei beste symbola er dei unike og ekte. Dei som rører oss utan at vi treng å forklare oss i hel. Selje flaggar Sunniva og Florø flaggar silda. I Nordfjord kappast Eid og Gloppen om å strigle den finaste hesten, slik dei alltid har gjort. Og det er ikkje til å undrast over at Høyanger og Årdal slår om seg med kraftsymbol om smelting og industri.

Det mest uforståelege symbolet – det viftar dei med i Lærdal. To ubestemmelege gule figurar på raud botn liknar mest på ”to reker” som ligg att på kaikanten i Florø, men på sentralbordet i Lærdal kommune fekk eg høyre at dei symboliserer to drakehovud på Borgund stavkyrkje. Greit å få det forklart!

Det mest morosame symbolet finn vi i Vågsøy. Ufrivilleg morosamt. Her er det ”to rorblad” som skal syte for at dei held styringa. Eg trur neppe dei ville valgt dette i dag – rett etter ”Tall ships race”. Eg smiler ved tanken på at dei heiser ”to kommunale rorblad” i høgste mastetoppen på Måløy hamn.

PS:
Vil du ha full oversikt over den kommunale vimpelskogen i fylket? Eg sjekka på nettet. Av dei 26 kommunane har 10 valgt gamal historie: Balestrand dreg sverdet til kong Bele, medan eit vikingskip frå Sogndal feirar sigeren ved Fimreite. Enno godt at Sogndal styrde unna tjuvradden Gjest Bårdsen.

I Askvoll og Gulen slår dei om seg med krossar, medan Jølster brukar bumerket til landshovdingen Audun Hugleikson. Lærdal og Luster syner symbol frå stavkyrkjene i Borgund og på Urnes. Hyllestad snurrar dei gamle kvernsteinane, medan Selje speglar seg i den heilage Sunniva.

Tre flagg hentar symbol frå kysten og fire frå naturen. Vi har sild i Flora, to rorblad i Vågsøy og tre naustmøne i Naustdal. I Bremanger rullar havbåra og Solund syner oss øyane i havet. I Stryn ser vi verna lindeskog i Flostranda, og i Gaular renn naturleg nok elva. I Høyanger og Årdal er stikkorda kraft og industri.

Landbruksfylket markerer sju flagg. Geita frå Aurland held hestane i Eid og Gloppen med selskap. I klassen for landbruksreiskap brukar Førde plogen på den matjorda dei ikkje har bygd ned, medan Hornindal svingar ljåen i slåtteenga og Vik sigden i kornåkeren. Eple vert heidra i Leikanger – og det er på sin plass – for Leikanger er no heile fylket sin ”Edens hage!”

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Faner og flagg i fylket vårt

  1. Kommunevåpenet til Vik har visst havna langt ute i åkeren. Det er ikkje sigden som er på flagget, det er ein snel eller lauvkniv.
    Snelen eller «lauvkniven» vart brukt til å lauve med, sigden til å skjære korn med.

  2. hans jakob sier:

    Au då! Eg var i tvil om det var sigd, men fekk det bekrefta på sentralbordet i Vik Kommune! Har du meir opplysningar om flagdiskusjonen om lauvkniven?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *